Ballangen er ein tettstad i Narvik kommune i Nordland. Fram til 2020 var staden administrasjonssenteret i Ballangen kommune. Tettstaden ligg inst i Ballangsfjorden og har 817 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Ballangen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Areal 1,01 km²
Folketal 817  (2023)
Folketettleik 809 / km²
Postnummer 8540 BALLANGEN
Kart
Ballangen
68°20′37″N 16°50′00″E / 68.34361111°N 16.83333333°E / 68.34361111; 16.83333333
Wikimedia Commons: Ballangen (village)

Ballangen har verkstadindustri, to daglegvarebutikkar, grunnskole og barnehage. Like utanfor tettstaden ligg Ballangen Museum som presenterer den omfattande gruveverksemda som har vore i Ballangen sidan 1600-talet.[1]

Ballangen ligg ved E6, som går gjennom kommunen. Fylkesveg 819 forbind tettstaden med Kjeldebotn i nordvest. Frå Kjeldebotn går det hurtigbåtrute mellom Narvik og Svolvær. Det er også hurtigbåtsamband med Harstad/Narvik lufthamnEvenes, og med Harstad. Både Kjeldebotn og Ballangen har gode hamner og kaianlegg.[2]

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «Ballangen - tettsted». Store norske leksikon. 1. juli 2016. Henta 27. mai 2017. 
  2. «Ballangen». Store norske leksikon. 4. juli 2016. Henta 27. mai 2017.