Balls
Studioalbum av Sparks
Utgjeve August 2000
Innspelt 1998-1999
Studio Sparks Studios, Los Angeles, California
Sjanger
Lengd 48:45
Selskap Oglio (USA), Recognition (Storbritannia)
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
Plagiarism
(1997)
Balls Lil' Beethoven
(2002)


Singlar frå Balls
  1. «More than a Sex Machine»
    Utgjeve: September 1999
  2. «The Calm Before the Storm»
    Utgjeve: August 2000
  3. «The Angels»
    Utgjeve: 2000

Balls er det 18. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i 2000.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]

Balls var eit framhald av techno-pop-stilen duoen først hadde utforska i 1994 på Gratuitous Sax & Senseless Violins, men med hardare og livlegare rytmar, i tillegg til ein meir direkte og aggressiv stil liknande artistar som The Prodigy.[4] Albumet kom i eit gjennomsiktig CD-etui som kom i ulike fargar (raud, gul, grøn, blå, oransje, svart og turkis).

«It's a Knockoff» vart spelt inn for filmen Knock Off, med Jean-Claude Van Damme, regissert av den Hong Kong-baserte produsenten og regissøren Tsui Hark[5] (som hadde vore med på sin eigen hyllestsong av bandet på Gratuitous Sax & Senseless Violins). Songen vert spelt over rulleteksten.

Sjølv om den kritiske mottakinga av Balls var moderat positive, selde det dårleg og klarte ikkje å gjenta suksessen med Gratuitous Sax & Senseless Violins. Det gjekk ikkje inn på listene i Tyskland, Storbritannia eller i USA. «More Than a Sex Machine», «The Calm Before the Storm» og «The Angels» vart gjevne ut på singlar, men gjekk ikkje inn på singellistene og vart lite spelte på radio. Duoen hadde alt skrive ein oppfølgar til Balls i liknande stil. Men då albumet selde så pass dårleg valde dei å skrinlegge dette og gå i ei heilt ny retning på Lil' Beethoven i 2002.

Nyutgjeving endre

I 2008 gav Sparks sitt eige plateselskap, Lil' Beethoven Records, ut albumet på ny i digipak-omslag med eit anna bilete på plateomslaget og to bonusspor: «The Calm Before the Opera» og «The Calm Before the Storm (Full Length Instrumental)».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Balls»4:24
2.«More than a Sex Machine»5:04
3.«Scheherazade»4:29
4.«Aeroflot»4:28
5.«The Calm Before the Storm»4:03
6.«How to Get Your Ass Kicked»4:19
7.«Bullet Train»4:20
8.«It's a Knockoff»3:42
9.«Irreplaceable»5:06
10.«It's Educational»4:02
11.«The Angels»4:48
Festival Mushroom Records Enhanced bonus-CD
Nr.TittelLengd
12.«Now That I Own The ABC»3:56
13.«Balls» (Utdrag frå Sparks Live in London) 
14.«Ron Levitates Baby Leroy» (Utdrag frå Sparks Live in London) 
15.«Bullet Train» (Utdrag frå Sparks Live in London) 
16.«Beat the Clock» (Utdrag frå Sparks Live in London) 
17.«This Town Ain't Big Enough» (Ron Mael) (Utdrag frå Sparks Live in London) 
Bonusspor på Lil' Beethoven Records-utgåva (2008)
Nr.TittelLengd
12.«Calm Before The Opera»3:09
13.«Calm Before The Storm» (Full-Length Instrumental)5:03

Medverkande endre

  • Russell Mael - vokal, produsent
  • Ron Mael - klaverinstrument, programmering, produsent
  • Tammy Glover - trommer
  • Aksinja Berger - tale på «Aeroflot»
  • Amelia Cone - forteljing på «Scheherazade»
  • John Thomas - miksing, lydteknikar

Kjelder endre