Baltazar Mathias Keilhau

Baltazar Mathias Keilhau (fødd 2. november 1797 i Biri, død 1. januar 1858) var ein norsk geolog og fjellklatrar, kjent for sine utførte banebrytande arbeid innan norsk geologi.

Baltazar Mathias Keilhau

Fødd2. november 1797
Biri
Død1. januar 1858
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdegeologi
Yrkegeolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Keilhau var sonen til soknepresten i Biri og avla som den første i Noreg mineraleksamen ved Universitetet i Oslo (1821), der han vart tilsett som lektor (1826) og vart etterfølgjar til den første geologiprofessoren i Noreg, Jens Esmark (1834).

Keilhau var med på «oppdaginga av Jotunheimen» i 1820, med førsteklatringa av fleire tindar. Reisa vart gjort saman med medisinaren og veterinæren Christian Peder Bianco Boeck og reinjegeren Ole Urdi, som nokre av dei første, ei reise gjennom eit område som dei gav namnet Jotunfjeldene, etter Riesengebirge, eit fjellområde i det noverande Tsjekkia og Polen. Aasmund Olavsson Vinje gav seinare området namnet Jotunheimen. Under reisa gjorde Keilhau og Boeck flittige nedteikningar og publikasjonar av oppdagingane sine. Dette vakte stor interesse for området, som frå før rettnok var kjent for lokale bønder og fangstfolk, men som aldri hadde vorte verkeleg skildra eller kartlagt. Keilhau målte ei rekkje akvarellar som han kalla Erindringer af Fjeldreisen i 1820. Den einaste returen til Jotunheimen var i 1844 då han som den første klatra Keilhaus topp, men han klarte ikkje å nå Galdhøpiggen.

Keilhau vert i ettertida hugsa som grunnleggaren av norsk geologi og saman med Boeck som Jotunheimens oppdagarar. Han har gjeve namnet til Keilhauitt òg kjent som yttrotitanitt, først skildra frå eit funn på ein pegmatitt i Arendal (1844).

Keilhau gav i 1831 ut ei skildring av reisa si til Finnmark, Bjørnøya og Svalbard. Målet med denne reisa var geologiske undersøkingar, men i dag har denne boka òg stor topografisk og historisk verdi.

Bibliografi endre

Kjelder endre