Denne artikkelen handlar om Baltifolk. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Balti.

Baltiar eller baltifolk er ei folkegruppe som hovudsakleg bur i det pakistansk-kontrollerte Baltistan i Kashmir, og i distrikta Kargil og Leh i Ladakh, ein region i det indisk-kontrollerte Jammu og Kashmir. Mange har òg busett seg i dei store byane lengre sør.

Medlemene av den om lag 400 000 store folkegruppa tilhøyrer ulike klanar med sams opphav. Dei er muslimar og snakkar balti, eit tibetansk språk.