Banff nasjonalpark

Banff nasjonalpark er den eldste nasjonalparken i Canada. Han blei skipa i 1885 i den canadiske delen av Rocky Mountains. Parken, som ligg 110-180 km frå Calgary i provinsen Alberta, dekker eit areal på 6641 km² fjellterreng med talrike isbrear, tette barskogar og fjellandskap.[1] Icefields Parkway strekker seg frå Lake Louise i sør, med samband til Jasper nasjonalpark i nord. Offentleg eigde skogar og Yoho nasjonalpark er naboar i vest, medan Kootenay nasjonalpark ligg i sør og Kananaskis Country i søraust. Mesteparten av den kommersielle verksemda i parken er i byen Banff, i Bow River-dalen.

Banff nasjonalpark
verneområde
Morraine Lake og Valley of the Ten Peaks
Land  Canada
Provins Alberta
Areal 6 641 km² km²
Kart
Banff nasjonalpark
51°10′00″N 115°33′00″W / 51.166666666667°N 115.55°W / 51.166666666667; -115.55
Wikimedia Commons: Banff National Park

Canadian Pacific Railway var svært viktig i dei første åra for Banff, då dei bygde både Banff Springs Hotel og Chateau Lake Louise, og trekte turistar til staden gjennom utstrekt annonsering. I byrjinga av 1900-talet blei det bygd vegar i Banff, nokre av dei bygde av krigsinternerte, og nokre ved hjelp av offentlege arbeidsprogram som blei starta under den store depresjonen. Sidan 1960-åra har overnattingsstadene i parken vore opne heile året, og talet på gjestedøgn i Banff auka til over 5 millionar i 1990-åra.[2] Endå fleire menneske passerer gjennom parken på Trans-Canada Highway.[3] Sidan Banff er ein av dei mest besøkte nasjonalparkane i verda, er økosystemet i parken trua. På midten av 1990-talet sette Parks Canada i gang ei undersøking som har leidd fram til oppmodingar for forvaltninga av parken og nye prinsipp som har som mål å bevara det økologiske mangfaldet.[4]

Historie endre

Gjennom heile historia si har Banff nasjonalpark blitt forma i spenningsfeltet mellom bevarings- og utviklingsinteresser. Parken blei skipa i 1885 på grunn av ein strid om kven som hadde oppdaga dei varme kjeldene der, og kven som hadde rett til å utnytta dei varme kjeldene kommersielt. Statsminister John A. Macdonald sørgde i staden for å freda dei varme kjeldene i eit lite verneområde, som seinare blei utvida slik at det òg omfatta Lake Louise og andre areal som strekte seg nordover til Columbia Icefield.

Tidleg historie endre

Arkeologiske funn gjort ved Vermilion Lakast daterer ved hjelp av radiokarbondatering den fyrste menneskelege aktiviteten i Banff til 10300 f.kr.[5] Før europearane kom levde canadiske urfolk, inkludert stoney, kootenay, tsuu t'ina, kainai, peigan og siksika i regionen der dei jakta bison og anna vilt.[6]

Britisk Columbia blei ein del av Canada 20. juli 1871, tok Canada på seg å bygga ein transkontinental jernbane. Bygginga av jernbanelinja byrja i 1875, då ein valde Kicking Horse Pass, framfor det nordlegare Yellowhead Pass, til traseen gjennom dei canadiske Rockies.[7] Ti år seinare blei den siste skinnespikeren slått ned i Craigellachie (British Columbia).

 
Dr. James Hector, geologen som gav namn til Kicking Horse Pass

Skipinga av Rocky Mountains Park endre

Med bakgrunn i striden om oppdaginga av dei varme kjeldene i Banff, vedtok statsminister John A. Macdonald å verna eit område på 26 km² rundt dei varme kjeldene ved Cave and Basin som ein offentleg park kjent under namnet Banff Hot Springs Reserve i 1885. Då Rocky Mountains Park Act blei vedtatt 23. juni 1887, blei parken utvida til 674 km² og fekk namnet Rocky Mountains Park.[6] Dette var den fyrste nasjonalparken i Canada, og den andre som vart etablert i Nord-Amerika, etter Yellowstone nasjonalpark i USA. Jernbaneselskapet Canadian Pacific Railway bygde Banff Springs Hotel og Chateau Lake Louise for å trekka turistar til området og for å auka talet av passasjerar på jernbanen.

Stoney- eller assiniboine-folk blei tvangsflytta frå Banff nasjonalpark i perioden 1890-1920. Parken var tenkt å skulla appellera til friluftsfolk og turistar. Offentlege tenestemenn meinte at nedgangen i dyrelivet i parken kom av at urfolka jakta på dei for matauk. Politikken med å fjerna urfolka frå området tilfredsstilte både måla om sportsjakt, turisme og bevaring av dyrelivet, i tillegg til ønska nokon hadde om å «sivilisera indianarane».[8]

 
Banff Springs Hotel, 1902

I tidlege tider var Banff popluær blant velståande europeiske turistar, som kom til Canada via trans-atlantiske havgåande passasjerskip og fortsette vestover på jernbanen, men også blant amerikanske og engelske turistar frå overklassen.[6] Nokre av dei besøkande deltok i alpine aktivitetar, der dei ofte leigde med seg lokale kjentmenn. Tom Wilson, saman med Jim og Bill Brewster, var blant dei fyrste som tilbaud slike tenester i Banff. Alpine Club of Canada, som vart grunnlagt i 1906 av Arthur Oliver Wheeler og Elizabeth Parker, organiserte klatre- og overnattingsturar i villmarka.

Frå 1911 kunne ein nå Banff med bil frå Calgary. I 1916 byrja Brewster-familien å tilby turar med turbussar i Banff.[9] Lake Louise vart tilgjengeleg via veg frå 1920, og Banff-Windermere-vegen opna i 1923, slik at det blei vegsamband frå Banff til Britisk Columbia.[7]

 
Brosjyre frå Canadian Pacific Railway som viser Mount Assiniboine og landskapet i Banff (ca. 1917)

I 1902 blei parken utvida til 11 400 km², inkludert område rundt Lake Louise, og langs elvane Bow, Rei Deer, Kananaskis og Spray. På grunn av press frå beitebrukarar og skogbruksinteresser blei storleiken på parken redusert i 1911 til 4 663 km², slik at mange av dei lågareliggjande høgdedraga bl eiutelatne frå parken. Grensene til parken blei endra fleire gonger fram til 1930, då storleiken på Banff blei fastlagd til 6 697 km² med vedtaket av National Parks Act.[6] Lova gav òg parken det nye namnet Banff National Park, etter Canadian Pacific Railway sin stasjon, som igjen hadde namn etter regionen Banffshire i Skottland.[10] I samband med bygginga av ein ny austleg innfallsport til parken i 1933, overførte Alberta 0,84 km² til parken. Saman med andre mindre endringar av grensene for parken i 1949, blei arealet til parken endeleg fastsett til 6 641 km².[7]

Kolgruvedrift endre

I 1887 underskreiv leiarar for dei lokale urfolksgruppene ein avtale, kalla Treaty 7, som gav Canada rett til å kartleggja naturressursane i området. Tidleg på 1900-talet blei det vunne ut kol i ei gruve i nærleiken av Lake Minnewanka i Banff. I ein kort periode var ei gruve i drift ved Anthracite, men denne blei nedlagd i 1904. Bankhead-gruva ved Cascade Mountain blei driven av Canadian Pacific Railway frå 1903 til 1922. I 1926 blei byen fjerna, og mange av bygningane blei flytta til byen Banff og andre stader.[11]

Interneringsleirar endre

Under fyrste verdskrigen blei immigrantar frå Austerrike, Ungarn, Tyskland og Ukraina sende til Banff for å arbeida i interneringsleirar. Hovudleiren låg ved Castle Mountain, og vart flytta til Cave and Basin gjennom vintermånadene. Mykje av den fyrste infrastrukturen og vegbygginga blei gjort av menn av forskjellig slavisk opphav, sjølv om ukrainarar var i fleirtal av dei som vart internerte i Banff.[12] Historiske minnetavler og eit monument er oppført av Ukrainian Canadian Civil Liberties Association for å minnast dei som vart internerte ved Castle Mountain og Cave and Basin National Historic Site, der det òg er ei permanent interaktiv utstilling som tar for seg det fyrste nasjonale interneringsprogrammet til Canada.[13]

 
Castle Mountain-interneringsleir (1915)

I 1931 vedtok styresmaktene i Canada ei lov kalla Unemployment and Farm Relief Act som gjorde det mogleg å organisera nødsarbeid i nasjonalparkane under den store depresjonen. Arbeidarane i Banff bygde eit nytt badehus og eit nytt basseng ved Upper Hot Springs, som eit tillegg til Cave and Basin.[12] Andre prosjekt omfatta vegbygging i parken, forskjellige oppgåver rundt sjølve byen Banff, og bygginga av ein hovudveg som band saman Banff og Jasper.[12] I 1934 blei lova Public Works Construction Act vedtatt. Ho gav rom for ytterlegare løyvingar for offentleg finansiert nødsarbeid. Nye prosjekt inkluderte bygging av nye lokale for registrering ved den austlege inngangen til Banff, og oppføring av ein ny administrasjonsbygning i Banff. I 1940 var Icefields Parkway ferdigstilt fram til området Columbia Icefield i Banff, og band saman Banff med Jasper.[14]

Interneringsleirar blei nok ein gong reist i Banff under andre verdskrigen, med leirer ved Lake Louise, Stoney Creek og Healy Creek. Fangeleirane bestod hovudsakleg av mennonittar frå Saskatchewan.[12] Det var ikkje interneringsleirar for japansk-canadiarar i Banff under andre verdskrigen, dei blei derimot haldne i Jasper nasjonalpark der dei internerte arbeidde på Yellowhead Highway og andre prosjekt.

Vinterturisme endre

Vinterturismen i Banff starta i februar 1917, med det første Banff Winter Carnival. Det blei marknadsført mot innbyggarane til regionen i middelklassen, og blei eit hovudarrangement for lokale krefter som prøvde å tiltrekka seg besøkande, noko som var lågt prioritert hos Canadian Pacific Railway (CPR) på vinterstid.[15] Arrangementet kunne m.a. by på eit stort isslott, som i 1917 var bygd av internerte. Aktivitetane ein tilbaud var m.a. langrenn, skihopping, curling, trugeturar og snørekøyring.[16] I 1930-åra blei det fyrste alpinanlegget i Sunshine Village utvikla av Brewster-familien. Mount Norquay-området blei òg bygd ut i 1930-åra, og den fyrste stolheisen blei installert der i 1948.[6]

 
Vinter i Banff nasjonalpark

Sidan 1968, då Banff Springs Hotel blei klargjort for vinterbruk, har Banff vore ein heilårsdestinasjon.[17] Trans-Canada Highway blei bygd i 1960-åra, slik at det kom endå ei transportrute gjennom Bow Valley i tillegg til Bow Valley Parkway. Dette gjorde tilgangen til parken lettare. Calgary internasjonale lufthamn blei òg bygd i 1960-åra.

Canada søkte fleire gangar om å få arrangera dei olympiske vinterleikane i Banff. Fyrste gong var i samband med Vinter-OL 1964, som til slutt vart tildelt Innsbruck i Austerrike. Canada tapte knapt den andre gongen då dei søkte om Vinter-OL 1968, som gjekk til Grenoble i Frankrike. Banff lanserte så ein kampanje for å få Vinter-OL 1972, der planen var å arrangera dei olympiske leikane i Lake Louise. Søknaden i 1972 var den mest kontroversielle, då miljøverngrupper mobiliserte sterk motstand mot søknaden, som var støtta av Imperial Oil.[6] Jean Chrétien, den dåverande miljøvernministeren som leidde departementet som var ansvarleg for Parks Canada, bøygde av for pressa og trekte støtta til søknaden, som til slutt enda med at Sapporo i Japan fekk arrangera leikane. Langrennsøvingane blei haldne i Canmore Nordic Centre Provincial Park i Canmore, like utanfor den austlege inngangen til Banff nasjonalpark langs Trans-Canada Highway, då Calgary var vertskap for Vinter-OL 1988.

Bevaring endre

Etter at den opphavlege lova Rocky Mountains Park Act blei vedtatt, har seinare lover og retningslinjer lagt større vekt på bevaring. Etter kvart som befolkninga blei meir opptatt av naturvern, utarbeidde Parks Canada heilt nye retningslinjer for forvaltninga i 1979, som la vekt på bevaring i større grad. National Parks Act fekk eit tillegg i 1988 som gjorde at bevaring av det økologiske mangfaldet fekk høgaste prioritet i alle avgjerder av forvaltningsmessig art i alle nasjonalparkar. Lova påla kvar park å utarbeida ein forvaltningsplan der publikum i større grad skulle takast med på råd.[6]

I 1984 blei Banff, saman med andre nasjonale og regionale verneområde i den canadiske delen av Rocky Mountains, utpeika som ein verdsarvstad av UNESCO, på grunn av fjellområda med fjelltoppar, isbrear, innsjøar, fossar, ravinar og kalkgrotter, og dessutan fossil som finst i området. Med denne utneminga følgde det større bevaringsmessige forpliktingar.[18]

 
Utsikt frå toppen av Sulphur Mountain med Banff og områda omkring

I løpet av 1980-åra gjennomførte Parks Canada ei privatisering av mange av tenestene i parken, som drift av golfbanar, og innførte avgifter på andre tenester for å avhjelpa kutt i driftsbudsjettet. I 1990 fekk byen Banff lokalt sjølvstyre, noko som gir innbyggarane meir innverknad ved forslag til nye utviklingsprosjekt.[19]

Planar for utbygging i parken, inkludert planar for utviding av Sunshine Village, som blei lagt fram i 1990-åra, blei sterkt kritiserte og trekte inn i rettssystemet av Canadian Parks and Wilderness Society (CPAWS). På midten av 1990-talet blei ei utgreiing kalla Banff-Bow Valley Study gjennomført for å finna betre måtar å løysa uroa til miljøverninteressene på, og andre spørsmål i samband med utviklingsprosjekt i parken.

Geografi endre

 
Kart over Banff nasjonalpark

Banff nasjonalpark ligg i fjellkjeda Rocky Mountains langs vestsgrensa til Alberta mot Britisk Columbia. Økoregionen her blir kalla Alberta Mountain forests. Banff ligg rundt ein og ein halv times biltur frå Calgary, og fire timar frå Edmonton. Jasper nasjonalpark ligg i nord, medan Yoho nasjonalpark ligg i vest og Kootenay nasjonalpark i sør. Kananaskis Country, som omfattar Bow Valley Wildland Provincial Park, Spray Valley Provincial Park, og Peter Lougheed Provincial Park, ligg sør og aust for Banff.

Hovudvegen Trans-Canada Highway passarar gjennom Banff nasjonalpark, frå den austlege grensa nær Canmore, gjennom sjølve byen Banff og Lake Louise, og inn i Yoho nasjonalpark i British Columbia. Byen Banff er det kommersielle senteret i nasjonalparken. Landsbyen Lake Louise ligg i krysset mellom Trans-Canada Highway og Icefields Parkway, som fortset nordover til byen Jasper.

Banff endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Banff.

Banff, som blei grunnlagd i 1885, er sentrum for den kommersielle verksemda i Banff nasjonalpark, men også senter for kulturelle aktivitetar. Banff husar fleire kulturinstitusjonar, som Banff Centre, Whyte Museum, Buffalo Nations Luxton Museum, Cave and Basin National Historic Site, og fleire kunstgalleri. Gjennom åra har Banff vore vertskap for mange årlege tilstellingar, inkludert Banff Indian Days som starta i 1889, og Banff Winter Carnival. Frå 1976 har The Banff Centre arrangert Banff Mountain Film Festival. I 1990 fekk Banff lokalt sjølvstyre som by, men må framleis forhalda seg til lova om nasjonalparkane og føderale styresmakter når det gjeld planar og utviklingsprosjekt.[20] I folketeljinga i 2014 hadde byen Banff ei befolkning på 9386, 8421 av dei fast busette.[21] Bow River renn gjennom byen Banff, og Bow Falls ligg i utkanten av byen.

Lake Louise endre

 
Utsyn over Lake Louise

Lake Louise er ein innsjø og tettstad som ligg 54 km nordvest for byen Banff. Landemerket Chateau Lake Louise ligg ved breidda av innsjøen. Rundt 15 km unna Lake Louise ligg Moraine Lake, der ein har ei imponerande utsikt over Valley of the Ten Peaks. Dette motivet blei brukt på baksida av den canadiske 20-dollarsetelen 1969-1979 i serien Scenes of Canada. Lake Louise Mountain Resort ligg òg i nærleiken av tettstaden.

Icefields Parkway endre

 
Lower Consolation Lake
 
Two Jack Lake

Icefields Parkway er 230 km lang, og knyter Lake Louise saman med Jasper i Alberta.[22] Han startar ved Lake Louise, og strekker seg nordover til Bow Valley, forbi Hector Lake, Bow Lake, og Peyto Lake. Vegen kryssar deretter eit pass før han følgjer Mistaya River til Saskatchewan Crossing, der han flyter saman med Howse og North Saskatchewan River.

North Saskatchewan River renn austover frå Saskatchewan Crossing, ut av Banff, og inn i det som er kjent som David Thompson country, og mot Edmonton. David Thompson Highway følgjer North Saskatchewan River, forbi den oppdemde Abraham Lake, og gjennom David Thompson Country. Ved Saskatchewan Crossing finst det tilbod om basistenester som drivstoff, kafeteria, suvenirar og eit lite motell.

Nord for Saskatchewan Crossing følgjer Icefields Parkway North Saskatchewan River opp til Columbia Icefield. Vegen går vidare inn i Jasper nasjonalpark ved Sunwapta Pass som ligg på 617 moh, før han fortset til byen Jasper.[23]

Geologi endre

Den canadiske delen av Rocky Mountains består av fleire kjeder som hovudsakleg går i nordvest-søraustleg retning. Hovudfjellkjeda følgjer vasskiljet og dannar ryggraden i den canadiske delen av Rockies. Frontkjedene ligg aust for hovudkjedene. Banff nasjonalpark strekker seg austover frå vasskiljet og inkluderer den austlege sida av hovudkjeda og mykje av frontkjedene. Sistnemnde inkluderer fjella rundt byen Banff. Dei lavereliggende høgdedraga ligg aust for parken, mellom Calgary og Canmore. På den andre sida av parken går dei vestlege kjedene gjennom Yoho og Kootenay nasjonalpark. Endå lenger vest liggar Rocky Mountain Trench, som dannar den vestlege grensa for den canadiske Rockies-regionen i Britisk Columbia.

Fjella består av sedimentære bergarter, som leirskifer, sandstein, kalkstein og kvartsitt. Dei oppstod som avleiringer på ei kontinentalplate, likt den relativt grunne plata utanfor austkysten av USA. Dei geologiske formasjonane i Banff varierer i alder frå prekambrium til juratida.

Isbrear og store isdekkede område endre

Banff nasjonalpark har mange store isbrear og store isdekte område, som i mange tilfelle er lett tilgjengelege frå Icefields Parkway. Mindre sirkelforma isbrear er ganske vanlege i hovudfjellkjeda, liggande i fordypninger i fjellsidene. Til liks med majoriteten av fjellbrear i verda, trekker òg isbreane i Banff seg tilbake. Fotografiske bevis åleine vitnar om denne tilbakegangen, og utviklinga har vore så alarmerande at breforskarar har sett i gang eit grundigare forskingsprogram på breane i parken, og har analysert verknaden som minkinga av isbreane kan ha på vassforsyninga til bekker og elvar. Dei største bredekte områda inkluderer Waputik-breen og Wapta-breen, som begge ligg på grensa mellom Banff og Yoho nasjonalpark. Wapta-breen dekker eit område på cirka 80 km².[24] Brearmar frå Wapta-breen på Banff-sida av vasskilet inkluderer Peyto-breen, Bow-breen og Vulture-breen. Det er berekna at Bow-breen trekte seg tilbake rundt 1100 m mellom 1850 og 1953, og etter den tida har ho trekt seg tilbake endå meir, noko som har ført til at det har danna seg ein ny innsjø ved endemorenen.[24] Peyto-breen har trekt seg tilbake rundt 2000 meter sidan 1880, og det er fare for at han kan forsvinna heilt i løpet av dei neste 30 til 40 åra.[25][26] Både Crowfoot-breen og Hector-breen er òg lette å få auge på frå Icefields Parkway, men dei er enkeltbreer og heng ikkje saman med større isdekkte område.

Columbia-breen, i nordenden av Banff, ligg på grensa mellom Banff og Jasper nasjonalpark og strekker seg inn i Britisk Columbia. Snow Dome, som er ein del av Columbia-breen, dannar eit hydrologisk toppunkt i Nord-Amerika, der smeltevatn frå dette punktet renn ut i Stillehavet via Columbiaelva, Nordishavet via Athabascaelva, og ut i Hudsonbukta og til slutt ut i Atlanterhavet, via North Saskatchewan-elva.[24] Saskatchewan-breen, som er rundt 13 km lang og 30 km² i areal, er hovudutløpet frå Columbia-breen som renn inn i Banff.[24] Mellom 1893 og 1953 hadde Saskatchewan-breen trekt seg tilbake 1364 meter, med ein gjennomsnittsfart på 55 m kvart år mellom 1948 og 1953[24] Alt i alt har breane i dei canadiske delane av Rocky Mountains mista 25 % av volumet sitt i løpet av 1900-talet.[27]

Klima endre

 
Skispor ved Parker Ridge, i nærleiken av Columbia-breen

Ifølgje Köppen si klimaklassifisering har parken eit subarktisk klima med kalde, snørike vintrar og milde somrar. Med plasseringa si på austsida av det kontinentale vasskiljet får Banff nasjonalpark 472 mm nedbør årleg.[28] Dette er ein god del mindre enn det som fell i Yoho nasjonalpark på vestsida av vasskiljet i Britisk Columbia, der årsnedbøren er 884 mm ved Wapta Lake og 616 mm ved Boulder Creek. 234 mm fell i gjennomsnitt som snø kvar vinter i byen Banff, medan 290 mm av nedbøren fell som snø i Lake Louise.[28]

Gjennom vintermånadene er temperaturane i Banff, på grunn av chinook-vindane og annan påverknad frå Britisk Columbia, moderate samanlikna med andre delar av det sentrale og nordlege Alberta. I gjennomsnitt er lågaste temperatur i døgnet i byen Banff i januar -15 °C, og høgaste temerperatur er -5 °C. Vêrforholda gjennom sommaren er varme, med høgaste temperatur gjennom døgnet på gjennomsnittleg 22 °C, og lågaste temperatur på 7 °C.[28]

Økoregionar endre

 
Peyto Lake

Banff nasjonalpark strekker seg over tre økoregionar, inkludert montan, subalpin og alpin sone. Den subalpine økoregionen, som hovudsakleg består av tett skog, utgjer 53 % av arealet til parken. 27 % av han ligg over tregrensa, i den alpine økoregionen.[29] Tregrensa i Banff går omtrent ved 2300 moh., med opne grassletter i den alpine regionen og nokre område dekt av isbrear.[30] Ein liten del av parken (3 %) ligg lågare i terrenget, i den montane økoregionen.[29] Vrifuruskog dominerer i den montane regionen av Banff, med engelmannsgran, vier, osp, nokre douglasgraner og nokre få spreidde douglaslønner. Engelmannsgran er meir vanleg i den subalpine regionen i Banff, med nokre område med vrifuru og fjelledelgran.[31] Områda i montan sone, som er dei føretrekte områda for dyrelivet, har hatt betydeleg menneskeleg aktivitet gjennom åra.

Dyreliv endre

 
Wapiti i Banff

Det er registrert 56 pattedyrartar i parken. Grizzlybjørn og amerikansk svartbjørn held til i dei skogkledte områda. Puma, gaupe, jerv, snømus, nordamerikansk oter og ulv er dei primære predatorane. Wapiti, mulhjort og kvithalehjort er vanlege i dalstrøka i parken, inkludert rundt og av og til inne i byen Banff, medan elg er vanskelegare å koma innpå, og helst held seg i våtmarksområda og nær elvane. I dei alpine områda er snøgeit, tjukkhornsau, gråmurmeldyr og pipehare vanlege. Andre pattedyr som bever, piggsvin, ekorn og andre artar av smågnagarar er dei mest observerte artane av småpattedyr.[32] I 2005 blei det observert totalt fem reinsdyr, men flokken blei drepen i eit snøskred i 2009.[33]

På grunn av dei harde vintrane her har parken få krypdyr og amfibium med berre ein paddeart, tre froskeartar, ein salamanderart og to artar med slangar registrerte.[32] Det finst minst 280 fuglearter i Banff, som kvithovudhavørn og kongeørn, hauk, fiskeørn og dvergfalk, som alle er predatorar. I tillegg er det vanleg å observera artar som gråskrike, hakkespett, Sialia currucoides, Nucifraga columbiana, Poecile gambeli og piplerke i dei lågareliggande områda. Kvithalerype er ein fugl som lever på bakken og som ein ofte kan sjå i dei alpine områda. I elvane og innsjøane finst det over hundre forskjellige artar, som lom, hegre og stokkand, som oppheld seg i parken om sommaren.[32]

Truga artar i Banff inkluderer ein ferskvassnigel kalla Banff Springs snail (Physella johnsoni) som finst i dei varme kjeldene i Banff.[34] Reinsdyr er lista som ein truga dyreart i Banff.

Borkebilleangrep endre

Ein borekebilleart som heiter Dendroctonus ponderosae har ført til store angrep på skogen i Banff nasjonalpark. Denne lever av silvevet i voksen vrifuru, og i det fyrste kjente utbrotet i 1940 blei 43 km² skog i Banff infisert.[35] Det andre store utbrotet fann stad seint på 1970-talet og tidleg på 1980-talet i Banff og Rocky Mountains-regionen rundt.

Turisme endre

 
Skigåing ved Lake Louise

Banff nasjonalpark er den mest besøkte turistdestinasjonen i Alberta og ein av dei mest besøkte nasjonalparkane i Nord-Amerika, med 3,6 mill. besøkande i 2014/2015.[36] Om sommaren er 50 % av dei som vitjar parken frå Canada (30 % frå Alberta), medan 31 % er frå USA og 14 % er frå Europa (tal frå 2003).[37] Turistnæringa i Banff bidrar med ca. 6 milliardar canadiske dollar årleg til den canadiske økonomien.[38]

Ein må kjøpa inngangsbillett, eit såkalla park pass, når ein skal inn i parken, og det er vanleg med kontroll av billettane om sommaren, særleg ved Lake Louise og ved starten av Icefields Parkway. Det er ikkje nødvendig å løysa billett om ein skal køyra rett gjennom parken utan å stoppa. Rundt 5 millionar menneske passerer gjennom Banff kvart år på Trans-Canada Highway utan å stoppa.[3]

Attraksjonar i Banff består mellom anna av Upper Hot Springs, ein golfbane med 27 hol ved Banff Springs Hotel, tre skistader inkluderte Sunshine Village, Lake Louise Mountain Resort, og Mount Norquay ski resort. Selskapet Banff Lodging Co driv mange av tenestene i parken. Dagsturar, som t.d. Cory Pass Loop, er populære blant besøkande. Andre aktivitetar er alpint, langrennsski og rideturer.

Villmarksaktivitetar i Banff inkluderer fotturar, teltturar, klatring, og skigåing. Dei som skal bruka leirplassar, hyttar som tilhøyrer Alpine Club of Canada eller andre fasilitetar må kjøpa eit såkalla wilderness pass av Parks Canada. Det må òg gjerast førehandsreservasjonar for å bruka opparbeidde teltplassar.

Kjelder endre

  1. «The Mountain Guide - Banff National Park» (PDF). Parks Canada. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 15. juni 2006. 
  2. «Highway Mitigation Research». Parks Canada. Arkivert frå originalen 1. mars 2007. Henta 1. september 2006.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 1. mars 2007. Henta 9. februar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Savage, Candace (juli–august 2000). «A Highway Runs Through It». Canadian Geographic. s. 34–42. 
  4. «Banff National Park of Canada Ecosystem Management and Ecosystem Models». Parks Canada. 11. mars 2013. Henta 9. februar 2015. 
  5. Fedje, Daryl W., James M. White, Michael C. Wilson, D. Erle Nelson, John S. Vogel, John R. Southon; White; Wilson; Nelson; Vogel; Southon (1995). «Vermilion Lakes Site: Adaptations and Environments in the Canadian Rockies during the Latest Pleistocene and Early Holocene». American Antiquity 60 (1): 81–108. JSTOR 282077. doi:10.2307/282077. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Hildebrandt, Walter (1995). «Historical Analysis of Parks Canada and Banff National Park, 1968–1995». Banff-Bow Valley Study. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Lothian, W.F. (1987). A Brief History of Canada's National Parks. Environment Canada. ISBN 0-662-15217-4. 
  8. Theodore Binnema, and Melanie Niemi, "'Let the line be drawn now': Wilderness, Conservation, and the Exclusion of Aboriginal People from Banff National Park in Canada," Environmental History (2006) 11#4 pp 724-50
  9. «About Brewster - History». Arkivert frå originalen 6. desember 2006. Henta 10. februar 2015. 
  10. «Banff Townsite Area». Parks Canada. Arkivert frå originalen 12. juli 2006. Henta 10. februar 2015. 
  11. Gadd, Benn (1989). Bankhead: The Twenty Year Town. Coal Association of Canada. ISBN 9780969084556. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Waiser, Bill (1995). Park Prisoners, The Untold Story of Western Canada's National Parks, 1915–1946. Fifth House Publishers. 
  13. «Birthplace of Canada's national parks: Cave and Basin National Historic Site». Parks Canada. 4. august 2014. Henta 10. februar 2015. [daud lenkje]
  14. Scott, Chic (2003). Summits & Icefields: Alpine Ski Tours in the Canadian Rockies. Rocky Mountain Books. ISBN 1-894765-46-X. 
  15. Lauren Wheeler, "'We Want Pictures so Kodak as You Go': Promoting Winter Recreation in Banff in the 1920s," Past Imperfect (2009) , Vol. 15, pp 6-35.
  16. Yeo, Bill (1990). Making Banff a Year-Round Park. Winter Sports in the West (Alberta Historical Society). 
  17. «Hotel History». Fairmont Banff Springs. Henta 10. februar 2015. 
  18. «Advisory Body Evaluation». UNESCO. 1992. Arkivert frå originalen (PDF) 9. september 2006. Henta 1. september 2006. 
  19. «Banff National Park Management Plan». Parks Canada. 2010. Henta 10. februar 2015. 
  20. «Banff National Park Management Plan». Parks Canada. mai 2004. Arkivert frå originalen 14. mai 2006. Henta 20. juni 2006.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 15. januar 2022. 
  21. «2014 Banff Municipal Census». Town of Banff. 2014. Henta 10. februar 2015. 
  22. «Jasper National Park - Did you know?». Parks Canada. Arkivert frå originalen 2. mars 2007. Henta 10. februar 2015.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. februar 2011. Henta 19. desember 2021. 
  23. Gem Trek Publishing (1999). Map of the Columbia Icefield Area, 2nd edition. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 Ommanney C.S.L. (2002). «Glaciers of the Canadian Rockies, Professional Paper 1386-J (Glaciers of North America)». U.S. Geological Survey. 
  25. Brugman, Melinda M., Paul Raistrick, and Alain Pietroniro (1997). «Glacier Related Impacts of Doubling Atmospheric Carbon Dioxide Concentrations on British Columbia and Yukon» (PDF). Responding to Global Climate Change in British Columbia and Yukon. British Columbia Ministry of Environment, Lands and Parks. Arkivert frå originalen (PDF) 28. februar 2008.  «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 17. desember 2008. Henta 12. februar 2015. 
  26. Scott, D. and Jones, B. (2005). «Climate Change & Banff National Park: Implications for Tourism and Recreation» (PDF). University of Waterloo. Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2010.  «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 23. oktober 2010. Henta 12. februar 2015. 
  27. WWF International. «Going, Going, Gone, Climate Change and Global Glacier Decline» (PDF). Henta 12. juli 2006. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 «Canadian Climate Normals 1971-2000». Environment Canada. Arkivert frå originalen 12. februar 2015. Henta 23. januar 2012. 
  29. 29,0 29,1 «Ecoregions of Banff National Park». Parks Canada. Arkivert frå originalen 16. oktober 2007. Henta 12. februar 2015.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 15. januar 2022. 
  30. Gadd, Ben. Handbook of the Canadian Rockies. Corax Press. ISBN 0-9692631-1-2. 
  31. Hebblewhite, Mark, Daniel H. Pletscher, and Paul C. Paquet (2002). «Elk population dynamics in areas with and without predation by recolonizing wolves in Banff National Park, Alberta». Canadian Journal of Zoology 80 (5): 789–799. doi:10.1139/z02-058. 
  32. 32,0 32,1 32,2 «Canadian Rocky Mountain Parks». United Nations Environment Programme. Arkivert frå originalen 11. mai 2008. Henta 15. februar 2015. 
  33. Canada, Parks Canada Agency, Government of. «Parks Canada - Species at Risk - Species at Risk». Henta 16. november 2015. 
  34. «Species at risk - Banff Springs Snail». Environment Canada. Arkivert frå originalen 13. september 2005. Henta 15. februar 2015.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 13. september 2005. Henta 12. februar 2015. 
  35. «Mountain Pine Beetle Detection and Management in Alberta» (PDF). Environment and Sustainable Resource Development, Government of Alberta. 2014. Arkivert frå originalen (PDF) 12. februar 2015.  «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 12. februar 2015. Henta 12. februar 2015. 
  36. «Banff National Park records highest number of visitors in 15 years» (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. november 2015. Henta 16. november 2015. 
  37. BANFF NATIONAL PARK OF CANADA State of the Park Report 2008, Parks Canada 
  38. Page, Robert, Suzanne Bayley, J. Douglas Cook, Jeffrey E. Green, J.R. Brent Ritchie (oktober 1996). «Banff-Bow Valley: At the Crossroads - Summary Report» (PDF). Banff-Bow Valley Task Force. Arkivert frå originalen (PDF) 29. november 2003.  «Arkivert kopi» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 29. november 2003. Henta 13. februar 2015.