Banias

(Omdirigert frå Baniaselva)
Denne artikkelen handlar om elva i Israel. For byen nordvest i Sria, sjå Baniyas.

Banias (eller Paneas; gresk Πανειάς; arabisk بانياس الحولة; hebraisk בניאס) er ein arkeologisk stad der byen Caesarea Philippi låg i antikken, ved foten av Hermon i Golanhøgdene. Byen låg i ein region kalla «Panion» (regionen til den greske guden Pan), og er kalla opp etter guden i samband med ei grotte og ei kjelde i nærleiken kalla «Paneas».

Banias
بانياس الحولة, בניאס
fråflytta landsby
Baniaskjelda med Pangrotta i bakgrunnen
Land  Syria
Stad Golanhøgdene, kontrollert av Israel
 - koordinatar 33°14′55″N 35°41′40″E / 33.24861°N 35.69444°E / 33.24861; 35.69444
Kart
Banias
33°14′55″N 35°41′40″E / 33.248611111111°N 35.694444444444°E / 33.248611111111; 35.694444444444
Wikimedia Commons: Banias

Området består av eit tempel, gårdsplass, ei grotte og nisjer for ritual, som var tileigna Pan. Det vart konstruert ein elevert, 80 meter lang naturleg terrasse langs klippa, som tårna over nordenden av byen. Ein inskripsjon på fire linjer nedst på ein av nisjane er knytte til Pan og Ekko, fjellnymfa, og er datert til år 87 evt.

Tidlegare skal ei kjelde ha strøymd ut av ei grotte i kalksteinen her, og runne ned i dalen og ut i Hulamyrene. I dag er ho kjelda til elva Nahal Hermon. Medan Jordanelva tidlegare sprang tu frå dei malariaplaga Hulamyrene, spring ho no ut frå denne kjelda og to andre ved foten av Hermon. Vatnet i kjelda har minka kraftig i moderne tid.[1] Vatnet sprutar ikkje lenger ut av grotta, men siv no berre ned langs berget under seg .

Kjelder endre

  1. Wilson, John F (2004) Banias: The Story of Caesarea Philippi, Lost City of Pan I.B.Tauris, ISBN 1-85043-440-9 p.2

Bakgrunnsstoff endre