Bantry Bay (irsk Cuan Baoi, Inbhear na mBárc eller Bádh Bheanntraighe) er ei bukt i County Cork sørvest i Irland. Bukta går om lag 35 km frå nordaust til sørvest, ut mot Atlanterhavet. Innerst er ho er om lag 3-4 km brei, medan ho er 10 km vid ved inngangen.

Geografi endre

Bukta er djup og ei stor naturleg hamn. Ho grenser i nord til Bearahalvøya, som skil Bantry Bay frå Kenmare Bay. Den sørlege grensa er Sheep's Head, som skil Bantry Bay frå Dunmanus Bay. Dei største øyane i bukta er Bere Island og Whiddy Island. Bere Island ligg nær inngangen til bukta på nordsida, ovanfor landsbyane Curryglass og Castletown Bearhaven. Rerrin er den største busetnaden på øya. Landsbyen Ballynakilla ligg òg her. Whiddy Island ligg inne i bukta nær sørkysten. Her ligg den største petroleumstasjonen på Irland og hamna er ideell for store havgåande tankskip. ConocoPhillips driv i dag ein enkel fortøying (SPM) ved Whiddy Island oljeterminal.

Byar og landsbyar rundt bukta inkluderer Adrigole, Bantry, Ballylickey, Cahermore, Cappanolsha, Castletownbere (Castletown Bearhaven), Curryglass, Foilakill, Gerahies og Glengarriff. Dunboy Castle ligg tvers ovanfor Bere Island.

Historie endre

Byen Bantry, innerst i bukta, er knytt til Det irske opprøret i 1798 som staden der den franske flåten, inkludert Wolfe Tone, prøvde å skape opprør to år tidlegare. Den franske flåten bestod av 43 skip og 15 000 soldatar, som hadde delt seg opp i mindre grupper ute i Atlanterhavet for å unngå Royal Navy. Dei skulle samlast i saman i Bantry Bay. Store delar av flåten kom seg fram i tide, men fleire skip, inkludert flaggskipet Fraternité med General Hoche var forsinka. Medan dei andre skipa venta vart det dårleg vêr og utan leiarar byrja ein å verte uroa for at dei skulle verte fanga inne i bukta, og valde derfor å reise tilbake til Frankrike.

 
Anker frå den franske armaden i 1796, oppdaga nordaust for Whiddy Island i Bantry Bay i 1981

Betelgeuse-ulukka endre

 
Minnesmerke for «Betelgeuse» ved St Finbarr's Church gravplass i Bantry - med utsyn over hamna i Bantry

8. januar 1979 mista 50 menneske livet då ein fransk oljetankar kalla «Betelgeuse» som lossa ved Whiddy Island tok fyr, eksploderte og delte seg i tre delar. Bukta har hatt mange skipsforlis gjennom historia. I 1981, medan ein nytta sonar for å rydde opp etter «Betelgeuse» fann ein vraket av den franske fregatten «La Surveillante», som sokk under ein storm nord for Whiddy Island den 2. januar 1797.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

51°39′N 9°43′W / 51.650°N 9.717°W / 51.650; -9.717