Opna hovudmenyen

Bantu viser til over 400 ulike etniske grupper i Afrika, frå Kamerun til Sør-Afrika. Bantuane er samla gjennom ein felles språkfamilie, bantuspråk og ofte felles tradisjon.

Bantuane var opphavleg eit jordbruksfolk frå skogane i Vest-Afrika. Gjennom folkevandringane sørover i Afrika assimilerte dei eller nedkjempa folka som dei møtte på vegen.

Svarte sør-afrikanarar vart til tider offisielt kalla bantu av aparteidregimet som også oppretta bantustatar.

LitteraturEndra

  • Schapera I (OD.): The Bantu Speaking Tribes OF South Africa. 1959: Routlege & Kegan Paul, London.
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.