«Barbara Ann»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Beach Boys' Party!
B-side

Girl Don't Tell Me

Språk engelsk
Utgjeve 20. desember 1965
Innspelt A: 23. september 1965
B: 30. april 1965
Sjanger Rockabilly
Lengd 3:23 (LP) 2:05 (singel)
Selskap Capitol 5561
Komponist Fred Fassert
Tekstforfattar Fred Fassert
Låtskrivar(ar) Fred Fassert
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi 
«The Little Girl I Once Knew»
(1965)
«Barbara Ann» «Sloop John B»
(1966)


«Barbara Ann» er ein song skriven av Fred Fassert og spelt inn (som «Barbara Anne») av The Regents i 1961. Innspelinga nådde 13. plass på Billboardlista.

Den mest kjende utgåva av songen vart gjort av det amerikanske popbandet The Beach Boys. Dei gav songen ut på singel den 20. desember 1965 med B-sida «Girl Don't Tell Me». Songen nådde andreplassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia. I Noreg gjekk songen heilt til topps. Han vart òg gjeven ut på albumet deira Beach Boys' Party! i 1965. Brian Wilson og Dean Torrence, som tidlegare hadde spelt songen som eine halvdelen av Jan and Dean, har solovokal på denne utgåva. Dean er ikkje tilskriven vokal på songen på albumomslaget,m en Carl Wilson seier «Thanks, Dean» på slutten av sporet.

Singelen var den første til The Beach Boys som nådde første plassen på singellista i Noreg der han låg i fire veker. Totalt låg singelen 16 veker på Topp 10 i Noreg.

Andre utgåver endre

Songen har vorte spelt av The Who (1966), sungen av Keith Moon. Andre artistar som har spelt songen er Blind Guardian. Ein parodi på songen vart spelt inn av Vince Vance and the Valiants i 1979, kalla «Bomb Iran».[1]

Medverkande på Beach Boys-utgåva endre

Kjelder endre

  1. Declain McCullagh (April 22, 2007). McCain's 'Bomb Iran' song was anti-Muslim? News.com.


Føregangar
«Michelle»
The Beatles
Toppen av VG-lista
The Beach Boys

4 veker, veke 17–20, 1966
Etterfylgjar
«Sloop John B»
The Beach Boys