Barbora Špotáková
Barbora Špotáková (fødd 30. juni 1981) er ein tsjekkisk spydkastar frå Jablonec nad Nisou som i tida 2006-14 vann to olympiske gllmedaljar, VM-gull 2007 og EM-gull 2014, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei EM-bronse. Sidan 2008 er ho verdsrekordhaldar i spyd for kvinner.
Barbora Špotáková | |
Statsborgarskap | Tsjekkia |
Fødd | 30. juni 1981 (43 år) Jablonec nad Nisou |
Yrke | spydkastar, friidrettsutøvar |
Språk | tsjekkisk |
Høgd | 182 centimeter |
Barbora Špotáková på Commons |
Aktiv
endreŠpotáková tevla i unge år i mangekamp. Ho byrja så å spesialisere seg i spydkasting, utan å kunne kvalifisere til finale korkje under Sommar-OL 2004 eller friidretts-VM 2005. Ho fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2006 med sølv i europameisterskapen i Göteborg. Året etter vart ho verdsmeister i Osaka med ny tsjekkisk rekord på 67,07 meter, og i 2008 vart ho olympisk meister i Beijing, då med europarekord målt til 71,42 meter. Den 13. september 2008, tre veker etter OL-tevlinga slengde ho spydet 72,28 m under IAAF-finalen i Stuttgart, ny verdsrekord med over ein halv meter.
Etter sølvmedaljar i VM 2009 og 2011 og bronse i EM 2010, tok ho ein ny gullmedalje då ho forsvarte OL-tittelen i London i 2012. I åra etter OL-sesongen nådde ho ikkje lengre opp mot sitt gamle toppnivå, men lukkast likevel verte europameister 2014, med knapp margin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barbora Špotáková» frå Wikipedia på engelsk, den 10. august 2016.