Bardu kyrkje

Bardu kyrkje ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1829 på Setermoen i Bardu kommune i Troms og Finnmark, og er soknet si hovudkyrkje og garnisonskyrkje. Kyrkja har om lag 220 sitjeplassar, inkludert galleriet.

Bardu kyrkje
kyrkje
Bardu kirke (2).jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Bardu
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Troms
Sokn Bardu
Fellesråd Bardu
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Ole Olsen Lundberg
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1829
 - Endringar Restaurert i 1840
Sitjeplassar 220
Kart
Bardu kyrkje
68°51′54″ N 18°20′47″ E
Wikimedia Commons: Bardu kirke

Kyrkja er bygd som ein kopi av Tynset kyrkje men noko mindre.[1] Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggjarområda i Bardu.[2] Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn frå Tynset og Alvdal, og dei heldt kontakt sørover.[3] Dei fleste nybyggjarane som kom til Bardu på 1800-tallet var frå Tynset. Den nyinnflytta byggmester Ole O. Lundberg frå Tynset reiste til si tidlegare heimbygd og teikna av Tynset kyrkje.[4] Bardu kyrkje har preikestolsalter som er eit trekk frå barokk, også dette etter modell av Tynset kyrkje. Interiøret er måla i lyse fargar og har rokokkopreg. Skipet har galleri rundt veggen.[5]

Kyrkja er i dagleg bruk, og i månadane juni-september er ho open på dagtid.

Kyrkjegarden ved Bardu kyrkje

KjelderEndra

  1. Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge 2, Oslo 2001
  2. Braseth, Leif (1991). Utvandringen til Bardu. Kulturstyret i Alvdal. 
  3. Eggen, Øystein (1950). Bardu bygdebok. Bardu bygdeboknemnd. 
  4. Munch, Jens Storm (1963). «Åttekantete kirker i Nord-Norge». Ottar. Gløtt fra Tromsø museum 14. s. 17. 
  5. Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

BakgrunnsstoffEndra