Barnafossar (òg kalla Hraunfossar) er ei gruppe fossar vest på Island, om lag 200 km frå Reykjavík. Dei renn ut frå ei lavaslette og dannar eit flott naturbilete.

Barnafossar

Folkeeventyr endre

Fleire islandske folkeeventyr er forbunde med Barnafossar og den mest kjende av dei er om to gutar frå ein gard i nærleiken, Hraunsás. Ein dag reiste foreldra til gutane med bøndene sine til ei kyrkje. Gutane skulle halde seg heime, men keia seg og la på veg etter foreldra. Dei skulle ta ein snarveg over ei naturleg steinbru over fossen, men på veg over vart dei svimle, fall i elva og drukna. Då mora fann ut kva som hende kasta ho ein trolldom på brua som sa at ingen skulle nokon gong krysse ho utan å sjølve falle i elva og drukne. Litt seinare vart brua øydelagd i eit jordskjelv.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre