Barneleiken paradis
Paradis, også kjend som hink eller hinkespel, er ein leik som går ut på å hinka eller hoppa gjennom eit mønster på bakken utan å trø på strekane. Leiken er kjend over store delar av verda, og har gamle røter. Det finst ei rekkje ulike mønster og reglar for å hoppa paradis.
Historie
endreDei eldste sikre spora ein har for paradis er frå 1600-talet, då fleire engelskspråklege kjelder nemner «scotch-hopper» som ein leik for gutar.[1] I løpet av 1800- og 1900-talet gjekk han mange stader over til å bli ein jenteleik. I nyare tid er det blitt meir akseptert å leika for begge kjønn.[2]
Mønster
endreMønsteret ein hopper på kan vera rissa i sand eller grus, teikna med krit, måla eller flislagt på bakken. Mønstera er vanlege å ha utandørs på leikeplassar og i skulegardar, men ein kan også ha paradis innandørs. Det finst også lause brikker og matter, til dømes av skumplast, som ein kan bruka til å laga paradismønster.[2]
Det finst nokre grunnmønster med variasjonar. Eit vanleg mønster har ruter i ei eller to rekkjer, med ein sirkel eller halvsirkel i enden. Ein vanleg variasjon har både ruter som ligg på rekkje og enkeltpar som ligg parallelt, og som ein må hoppa i med ein fot i kvar. Eit anna mønster er spiralforma, og er kjend som «snigel». Eit tredje mønster er danna av rader av ruter som saman dannar eit rektangel. Rutene er ofte nummererte. Dei kan også ha namn, som «himmel», «helvete».
Paradis kan ha mange ulike namn som viser til det at ein hoppar eller hinkar i dei (hinkespil, hopscotch, Hickeln), som viser til forma (avión, 'fly', norsk «flygaren»; mand, 'mann', escargot, 'snigel') eller som gjev leiken ein viss symbolsk (mondo, 'verda'; Himmel und Hölle, 'himmel og helvete', campana, 'klokke', skola, 'skule', peregrina, 'pilgrimsferd').
Døme
endre- For meir om dette emnet, sjå paradismønster.
-
Enkelt engelsk paradismønster frå rundt 1900[3]
-
Tsjekkisk «flygar» med todelt rund topp.
-
Tal markerer kvar ein kan hoppa paradis på flisene.
-
Tysk «Himmel und Hölle» med hoppemønster.
Reglar
endreSom regel går leiken ut på at ein skal hinka eller hoppa gjennom alle rutene til enden av paradiset, gjerne også tilbake igjen. Om ein trør på strekane, trør utanfor eller set feil fot ned, er ein ute av leiken.
Ofte blir det brukt ein hinkestein som skal kastast eller skubbast oppi ei viss rute. I nokre leikar skal ein så ikkje trø i ruta steinen ligg i, i andre skal ein dytta steinen med seg medan ein leiker. På tilbakevegen skal ein kan hende plukka opp steinen. Om ein kastar eller styrer steinen feil, eller mister balansen når ein skal plukka han opp, vil ein også vera ute.
Etterkvart som leiken fortset, kan ein auka talet på ruta steinen skal falla i, slik at ho blir vanskelegare å nå. I nokre variantar kan deltakarane skriva namnet sitt i ei av rutene og gjera henne forboden å hinka i for dei andre. Andre måtar å gjera leiken vanskelegare på er å kasta steinen over skuldra, hinka med motsett fot av den ein føretrekk, hoppa med føtene samla eller kryssa, eller i blinde.
Verknad
endreParadis trener ein i å halda balansen og på kroppskoordinasjon i ulike krevjande stillingar, som å stå og røra seg på ein fot. I nokre variantar øver ein også på kasting og teljing. Leiken krev også at ein kan følga reglar og venta på tur.
Bakgrunnsstoff
endre- Beate Heide, «Å hoppe paradis», 28.05.2009 ved digitalt fortalt
- Hoppe Paradis ved Aktivlek.no
- Hinkeleg[daud lenkje] ved hinkesten.info
- Hinke med hinkesten. Forklaring og film ved gamlelege.mediajungle.dk
- Hinke mand/flyver[daud lenkje] ved legepladsen.dk
- Hinke snegl[daud lenkje] ved legepladsen.dk
- Hinke i rude[daud lenkje] ved legepladsen.dk
- Paradis[daud lenkje] (rute) ved norsknettskole.no
Kjelder
endre- ↑ Thomas Shadwell (1668). The Sullen Lovers.: «Play at Catt, Stoolball, Scotch-hopp and Trap-ball.» Sitert i Oxford English Dictionary, Third edition, June 2011; online version March 2012; Francis Willughby, Book of Games (1635-1672), «Scotch Hopper‥. They play with a piece of tile or a little flat piece of lead, upon a boarded floore, or anie area divided into oblong figures like boards». Frå Cram, David, Forgeng, Jeffrey L. og Johnston, Dorothy, The Book of Games of Francis Willughby (1635-1672). A Seventeenth-century Treatise on Sports, Games and Pastimes (Aldershot, 2003); Poor Robin’s Almanack for 1677: «The time when schoolboys should play at Scotch-hoppers.» og 1707: «Lawyers and Physicians have little to do this month, so they may (if they will) play at Scotch-hoppers», The journal of the British Archaeological Association, Volume 26.; Noah Websters An American Dictionary of the English language (1828) omtalte «Scotch-hopper» som «a play in which boys hop over scotches and lines in the ground.», Oxford English Dictionary, Third edition, June 2011; online version March 2012
- ↑ 2,0 2,1 Hopscotch Arkivert 2013-02-01 ved Wayback Machine. ved squidoo.com
- ↑ Beard, D.C. (1907). The Outdoor Handy Book: For the Playground, Field, and Forest. New York: Charles Scribner's Sons. s. 356–357.
- «hopscotch» i Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011
- Beate Heide, «Å hoppe paradis», 28.05.2009 ved digitalt fortalt
- «Hinkeleg - hoppe i mand»[daud lenkje] ved legetek.dk
- «snegl» i Salmonsens konversationsleksikon / Anden Udgave (Prosjekt Runeberg)