Opna hovudmenyen

Barokkpop (stundom kalla barokkrock) er ein blandingssjanger som kombinerer rock med visse element av klassisk musikk.[4][2][3] Han dukka opp midt i 1960-åra då artistar prøvde å skape ein majestetisk, orkesteraktig stil[2] og kan identifiserast ved at det vert nytta barokk-aktige komposisjonsstilar (kontrapunktiske melodiar og mønster med funksjonsharmoniar) og dramatiske eller melankolske fakter.[1] Cembalo vert ofte nytta i denne sjangeren,[5] [3] i lag med obo, valthorn og strykekvartettar, som òg er vanlege.[3]

Sjølv om cembalo var blitt nytta på ei rekkje pophittar sidan 1940-åra, byrja somme produsentar i 1960-åra å plassere instrumentet i framgrunnen i arrangementa sine.[5] Dels inspirert av The Beatles-songen «In My Life» (1965), byrja forskjellige grupper å bruke barokkinstrument og klassiske instrument i 1966.[6] Omgrepet «barokkrock» vart nytta i marknadsføringa av The Left Banke, som brukte cembalo og fiolin i arrangementa sine[7]. Eit døme på dette er songen deira «Walk Away Renée» frå 1966.[5][8]

Barokkpop vart mindre populært i 1970-åra etter kvart som punkrock, disco og hardrock tok over, men musikkstilen heldt likevel fram.[8] Philadelphia soul i 1970-åra og kammerpop i 1990-åra var begge inspirert av barokkpop[2] medan sistnemnde òg bestod av lo-fi-estetitikken i musikken på den tida.[9]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Hawkins 2015, s. 193.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Baroque pop». AllMusic. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Smith, Steve (29. november 2012). «Steve Smith: Wyman and Taylor join the Rolling Stones onstage; Coldplay takes a break». Pasadena Star-News. Arkivert frå originalen 3. desember 2012. 
  4. Jackson 2015, s. 22.
  5. 5,0 5,1 5,2 Guerrieri, Matthew (January 22, 2016). «Via Spector and serendipity, the harpsichord invaded pop». The Boston Globe. 
  6. Gendron 2002, s. 174, 343, various groups using baroque instrumentation in early 1966; Harrington 2002, s. 191, baroque rock inspired by «In My Life»
  7. Unterberger 2014, s. 416.
  8. 8,0 8,1 Stanley, Bob (September 21, 2007). «Baroque and a soft place». The Guardian. 
  9. «Chamber pop». AllMusic.