Barrow Island i England

Barrow Island i England
Barrow Island i England

Kart over Barrow Island i England
Kart over Barrow Island

Plassering

Barrow Island i England
54°6′11″ N 3°13′55″ W

Barrow Island er ei utbygd øy som utgjer ein del av byen Barrow-in-Furness i England. Øya ligg mellom Walney Island og fastlandet, like sør for sentrum av byen. Ho hadde ved folketeljinga i 2001 2606 innbyggjarar.

Sidan 1800-talet har øya vore landfast, sidan delar av sundet då vart fylt ut for industrielle føremål.

Øya er heimstad for Barrow skipsverft, som framleis er av dei største i Storbritannia, berre overgått av verftet i Govan i Glasgow. Øya og sundet mellom verftet og fastlandet utgjer òg ein stor del av dokk- og hamnesystemet Barrow Docks.

Koordinatar: 54°6′12″ N 3°13′57″ W