Barry Beckett

amerikansk musikkprodusent

Barry Edward Beckett (4. februar 194310. juni 2009) var ein amerikansk klaverspelar som arbeidde som studiomusikar med mange kjende artistar. Han var òg plateprodusent. I lag med David Hood og Roger Hawkins, som var kollegaene hans i Muscle Shoals Rhythm Section, turnerte Beckett i 1973 i den utvida besetninga til Traffic. Innspelingar frå denne turneen vart konsertalbumet On The Road.

Barry Beckett
Fødd4. februar 1943(1943-02-04)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
Død10. juni 2009 (66 år)
DødsstadHendersonville i Tennessee i USA
OpphavUSA
Sjangerrock, rock and roll
InstrumentKlaverinstrument, orgel
Verka somMusikar, plateprodusent

Han var involvert i «Muscle Shoals Sound» som medlem av rytmeseksjonen ved Muscle Shoals studio i Sheffield i Alabama, som han var med på å starte i 1969. Studioet produserte hittar som «Torn Between Two Lovers» (Mary MacGregor) og «Smoke from a Distant Fire» (Sanford-Townsend Band). Beckett var medprodusent med Jerry WexlerBob Dylan i 1979 bad Wexler om å produsere Slow Train Coming. Beckett var ikkje berre medprodusent på albumet, men spelte òg piano og orgel på det. I 1980 var han igjen medprodusent i lag med Wexler på Saved.

Beckett spelte òg på Paul Simon sin «Still Crazy After All These Years», som nådde toppen av singellista i USA.[1]

Kjelder endre