Barry Goudreau

amerikansk musikar

Barry Goudreau (fødd 29. november 1951) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som ein av dei originale gitaristane i rockebandet Boston.

Barry Goudreau
BarryGoudreau1970s.jpg
Fødd29. november 1951 (68 år)
FødestadBoston, Massachusetts i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1969
SjangerHardrock, rock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistar
Verka sommusikar, gitarist

På slutten av 1960-åra møtte Goudreau Tom Scholz og arbeidde med han og Brad Delp så tidleg som i 1969 på ei samling demoinnspelingar. Seinare omarbeidde Scholz desse songane og ein del av dei vart spelte inn som det særs suksessrike debutalbumet til Boston frå 1976.

Scholz var ikkje interessert i å bruke nokre av songane til Goudreau på det andre Boston-albumet, og Goudreau gav ut det første soloalbumet sitt Barry Goudreau, i lag med Brad Delp og Fran Cosmo (Cosmo vart medlem av Boston i 1991) på vokal, og Sib Hashian på trommer.

I 1984 skipa Goudreau bandet Orion The Hunter og gav ut ei plate. Denne gongen var Fran Cosmo solovokalist, medan Delp var korvokalist.

I 1990 skipa Goudreau bandet RTZ (Return to Zero) i lag med Delp, som då slutta i Boston.

I 1997 var Goudreau med Lisa Guyer Band på albumet Gypsy Girl og i 2000 på albumet Leap of Faith.[1]

Goudreau og Delp gav ut ei plate i 2003 som Delp and Goudreau.

Goudreau var medlem av Ernie and the Automatics. Etter Delp døydde i 2007, gav dei andre medlemmane i RTZ ut songen «Set The Songbird Free».

DiskografiEndra

med BostonEndra

SoloEndra

med Orion The HunterEndra

med RTZEndra

  • Return to Zero (1991)
  • Lost (1998)
  • Lost and Found (2004)
  • Set The Songbird Free ... (single) (2007)

med Brad DelpEndra

med Ernie and the AutomaticsEndra

  • Live at The Real Blues Festival (2006)
  • Low Expectations (2009)

med Barry Goudreau's Engine RoomEndra

  • Full Steam Ahead (2017)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra