Opna hovudmenyen

Bart Veldkamp (fødd 22. november 1967) er ein nederlandsk-belgisk skeiseløpar, fødd i Haag. Han vart europameister på skeiser i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter under vinterleikane 1992 i Albertville.

Bart Veldkamp
Bart Veldkamp portret (cropped).JPG
Fødd 22. november 1967
Haag
Yrke skøyteløpar, skøytetrener
Bart Veldkamp på Commons
Bart Veldkamp på skeiser.

Veldkamp representerte fødelandet Nederland i åra 1989-95. Omframt EM-tittelen 1990 og OL-gullet i 1992, vart han tredjemann i firkamp-VM 1990 og 1991, EM 1991 og på 10 000 m under Vinter-OL 1994Lillehammer.

Frå 1996 valde Veldkamp å representere Belgia, då han sleit med å kvalifisere seg til meisterskapane på verdas beste landslag. Under Vinter-OL 1998 i Nagano vann han Belgias fyrste olympiske medalje på skeisebanen. I 2001-sesongen overraska han stort ved å verte andremann i EM i Baselga og tredjemann i VM i Budapest. Elles sikra Veldkamp seg to sølvmedaljar og ein bronse i VM i enkeltløp i tida 1996-2001.

Veldkamp la opp i 2006.

KjelderEndra