Basel-Landschaft
Basel-Landschaft Tysk: Basel-Landschaft Fransk: Bâle-Campagne Italiensk: Basilea Campagna Retroromansk: Basilea-Champagna | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Liestal |
Folketal | 275 536 (2011) |
Areal | 517,56 km² |
Folketettleik | 532/km² |
Forkorting | BL |
Kanton sidan | 1501 |
Høgaste topp | Hinteri Egg (1169 moh) |
Basel-Landschaft er ein kanton i det nordvestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 518 km² og 275 536 innbyggarar i 2011. Liestal er hovudstad i kantonen Basel-Landschaft.
GeografiEndra
Kantonen grensar til regionen Alsace i Frankrike i vest, og delstaten Baden-Württemberg i Tyskland i nord. Dessutan grensar Basel-Landschaft til kantonane Basel-Stadt, Aargau, Solothurn og Jura. Høgste punktet er Hintere Egg på 1 169 meter over havet. Lågastliggande punktet er der elva Birs renn ut i Rhinen, 246 moh.
Språk og samfunnEndra
Tysk er både talemål og embetsspråk. Folk har rett på svar på eige språk frå embetsverket, dersom ein brukar eit av dei andre offisielle språka i Sveits. 20% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar. Italienarar og tyskarar utgjer dei klart største utanlands-kontingentane, men det finst òg mange frå Tyrkia og Serbia. Om lag 43% av innbyggarane er protestantar, 32% soknar til den romersk-katolske kyrkja. Både den reformerte og den romersk-katolske kyrkja har status som statskyrkjer (Landeskirche).
Distrikt og kommunarEndra
Basel-Landschaft består av fem distrikt (Bezirke), som er delt opp i til saman 86 kommunar. Dei fem distrikta har namn etter administrasjonsbyane, og er Arlesheim, Laufen, Liestal, Sissach og Waldenburg.
HistorieEndra
Basel-Landschaft gjekk inn i det sveitsiske eidsforbundet i 1501. Inntil 1833 utgjorde Basel-Landschaft saman med Basel-Stadt kantonen Basel. Dei to kantonane vart, fram til 1999, då det omgrepet vart fjerna frå Sveits si grunnlov, omtala som 'halvkantonar'. Basel-Landschaft er like autonom som alle andre kantonane, men kantonen har ei røyst i Sveits sitt stenderråd, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Basel-Landschaft» frå Wikipedia på tysk, den 9. august 2011.
BakgrunnsstoffEndra
Originaltekst av Basel-Landschaft ved Wikisource. |
Slå opp Basel-Landschaft i Wiktionary, den frie ordboka. |