Opna hovudmenyen

Basjkirsk er eit språk i den tyrkisk språkfamilien. Det er i svært nær slekt med tatarsk, og det er dei som meiner det er ein tatarsk dialekt. Dei fleste talarane av basjkirsk bur i Basjkortostan og andre stader i Volga-Uralområdet: I Tatarstan, Udmurtia, Mari El, Tsjeljabinsk oblast, Orenburg oblast, Sverdlovsk oblast og Kurgan oblast, og i Perm kraj. Det finst også små basjkirske minoritetar i Kasakhstan (41 847) og Usbekistan (34 771). Ved folketeljinga i 2010 var det 1 152 000 menneske som snakka basjkirsk i Russland.[1] Tilsvarande tal frå 1989 var i Sovjetunionen 1 047 000 basjkirspråklege menneske. I tillegg var det då 26 737 som oppgav basjkirsk som andrespråk, og omtrent 300 000 basjkirar som oppgav tatarsk som førstespråk.

Basjkirsk
(Башҡорт теле)
Klassifisering: tyrkiske språk
vesttyrkiske språk
Bruk
Tala i: Basjkortostan, andre stader i Russland, Kasakhstan, Usbekistan
Område: Basjkortostan
Basjkirsktalande i alt: 1 152 000 (2010)
Rangering: ikkje blant dei 100 største
Skriftsystem: kyrillisk
frå 2010 latinsk alfabet
Offisiell status
Offisielt språk i: Basjkortostan
Språkkodar
ISO 639-1: ba
ISO 639-2: bak
ISO 639-3: bak
Wikipedia på basjkirsk

AlfabetEndra

Basjkirane brukte tatarsk, skrive med det arabiske alfabetet som skriftspråk fram til 1923, då vart det, som resultat av oktoberrevolusjonen, skapt eit baskirsk skriftspråk. Det vart i byrjinga skrive med det arabiske alfabetet, men i 1930 gjekk dei over til det latinske alfabetet, som vart erstatta med det kyrilliske alfabetet i 1938. Det basjkirske alfabetet består av det grunnleggjande kyrilliske alfabetet, med desse ni tilleggsbokstavane: (Ә ә Ө ө Ү ү Ғ ғ Ҡ ҡ Ң ң Ҙ ҙ Ҫ ҫ Һ һ.). Etter at Sovjetunionen fall saman er det utvikla eit nytt latinsk alfabet for basjkirsk, og Basjkortostan vedtok i 2002 at dette nye alfabetet skulle erstatte det kyrilliske i 2010.

FotnotarEndra

  1. «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010

KjelderEndra

  • Finsk wikipedia

BakgrunnsstoffEndra

  Denne språkartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.