Bastia
Bastia er ein by og kommune nord på Korsika i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Corse og har om lag 40 000 innbyggjarar. Bastia er òg ei viktig hamn på Korsika og er vidkjend for vinen sin.
Bastia | ||
---|---|---|
Hamna i Bastia | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Korsika Haute-Corse | |
Geografi | ||
Flatevidd | 19,38 km² | |
Flatevidd - By |
19,38 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
37 884 1 955/km² | |
Koordinatar | 42°42′03″N 09°27′01″E / 42.70083°N 9.45028°E | |
Høgd over havet | 30 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
UTC+01:00, UTC+2 (UTC) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.bastia.fr |
Geografi
endreByen ligg nordaust på Korsika ved byrjinga av Cap Corse. Bastia er den største hamna og handelssentrum på øya. Den årlege middeltemperaturen er om lag 15,3 °C og det er vanlegvis fem dagar med frost i året. Bastia har ofte kraftig vind og har ein normal årsnedbør på meir enn 700 mm, men har òg meir enn 340 dagar med sol på eit år.
Historie
endreFør genuesarane okkuperte Korsika var Cardo ein stor by. Rundt byen var det små landsbyar der fiskarar frå Cardo budde. Den litle hamna vart kalla Porto Cardo, som tyder «hamna i Cardo».
Genuesarane ville ha ei verna hamn frå havstormane og under guvernør Leonello Lomellini i 1380, byrja dei å konstruere ein bastiglia, ein tilfluktstad eller festning.
Etter kvart hadde bastigliaen (Bastia) meir framgang og vart viktigare enn Cardo.
Bastia var hovudstad av Korsika fram til 1791.