Bathory
Bathory var eit svensk heavy metal-gruppe som blei stifta i 1983 av Thomas «Quorthon» Forsberg. Gruppa blei oppløyst då Forsberg tok livet av seg i 2004.
Bathory, Venom, Mercyful Fate og Hellhammer var dei viktigaste gruppene i den første bølgja av black metal. Mens Venom namnga den nye sjangeren, var Bathory den viktigaste gruppa i utviklinga av black og viking metal. Forsberg tok utgangspunkt i thrash metal med satanistiske tekstar, lågkvalitetsproduksjon grunna lite penger, og ein skjerande stemme som alt ville bli kjenneteikn på black metal seinare.
Namnet på gruppa kom frå «blodgrevinna» Elizabeth Báthory, den best kjente seriemordaren i ungarsk og slovakisk historie.
Utgjevingar
endreStudioalbum
endreÅr | Tittel | Plateselskap | Utøvarar |
---|---|---|---|
1984 | Bathory | Under One Flag, Black Mark Production | Quorthon, Jonas Åkerlund og Fredrick Hanoi |
1985 | The Return...... | Under One Flag, Black Mark Production | Quorthon og Fredrick Hanoi |
1987 | Under the Sign of the Black Mark | Under One Flag, Black Mark Production | Quorthon |
1988 | Blood Fire Death | Under One Flag, Black Mark Production | Quorthon, Vvornth og Kothaar |
1990 | Hammerheart | Noise Records | Quorthon |
1991 | Twilight of the Gods | Black Mark Production | Quorthon |
1994 | Requiem | Black Mark Production | Quorthon |
1995 | Octagon | Black Mark Production | Quorthon |
1996 | Blood On Ice | Black Mark Production | Quorthon |
2001 | Destroyer of Worlds | Black Mark Production | Quorthon |
2002 | Nordland I | Black Mark Production | Quorthon |
2003 | Nordland II | Black Mark Production | Quorthon |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bathory» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2010.