Bayda
Bayda | ||
---|---|---|
Styresmakter | ||
Land | Libya | |
Geografi | ||
Koordinatar | Koordinatar: | |
Plassering | ||
Bayda (arabisk Zawiyat al-Bayda) er ein by i det nordaustlege av Libya. Han ligg 32 kilometer frå middelhavskysten og hadde i 2010 eit innbyggjartal på om lag 250 000. Byen er eit administrativt senter.
Byen vart grunnlagd på slutten av 1950-åra, og var i ein kort periode i 1964 den administrative hovudstaden i Libya. Han har eit islamsk universitet og ligg i nærleiken av ruinane til den antikke byen Kyrene.
KjelderEndra
- «Bayda» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.