Beaska Niillas

norsk politikar
(Omdirigert frå Beaskka Niillas)

Beaska Niillas eller Niillas Beaska (fødd 6. august 1982) er ein norsk samisk politikar og skodespelar frå Tana. Han har medverka i diverse oppsetjingar i Beaivváš Sámi Teáhter og Sami Teahter (Kiruna i Sverige).

Beaska Niillas

Fødd6. august 1982 (41 år)
Tana kommune
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar, skodespelar, naturverner, duojár
EktefelleSara Marielle Gaup
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2013–2017)
  • sametingsrepresentant (2017–) Sjå dette på Wikidata

Niillas stilte til val ved Sametinget 2013 for NSR-SfP i Austre valkrets.[1] Han vart vald inn på Sametinget for perioden 2013–2017, og var medlem av plan- og finanskomiteen. Frå 2014 fram til 2018 sat han som leiar av Norske Samers Riksforbund.[2][3][4]

I 2021 vart han vald til Sametinget på nytt, og vart i oktober same år vald til parlamentarisk leiar for NSR.[5]

Roller i teaterstykke og filmar endre

  • Ronja Rievvárnieda (Beaivvas Sami Teahter)
  • Hamlet  (Beaivvas Sami Teahter)
  • MacBeth (Sami Teahter)
  • MacBeth (film, 2004)[6]
  • Gonagasa Gatnjalat (Sami Teahter)
  • Unna Addjas (Sami Teahter)
  • Kautokeinoopprøret (film, 2008), der han spelte Rasmus Spein
  • 1852 (Beaivvas Sami Teahter)
  • Ellos Eatnu - La Elva Leve (film, 2023)[7]

Kjelder endre

  1. Beaska Niillas på topp for NSR-SáB i Valgkrets 1 Norske Samers Riksforbund], besøkt 3. november 2013.
  2. «Landsstyret 2014–2016 – NSR» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 29. september 2019. Henta 29. september 2019. 
  3. «Beaska Niillas gjenvalgt som leder». www.ifinnmark.no (på norsk). 9. oktober 2016. Henta 29. september 2019. 
  4. Krogstad, Bjarne (1. desember 2018). «Runar Myrnes Balto valgt som ny NSR-leder». altaposten.no (på norsk bokmål). Henta 29. september 2019. 
  5. «Nytt parlamentarisk lederskap i NSR!», NSR (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2021 
  6. MacBeth
  7. «Ellos eatnu - La elva leve», Kunstnernes Hus (på norsk bokmål), henta 1. februar 2023 

Bakgrunnsstoff endre