Bed er eit stykke jord som er sett til side for å så eller planta i. Seng viser til bed av større lengd. Ein kan ha bed i hagar, parkar og gravstader og ved vegar, plassar og anlegg.

Rundt bed med primula, uregelmessige bed i bakgrunnen.

Bed kan ha ei regelmessig utforming, som runding eller rektangel, eller meir uregelmessig, og det kan ha ulike storleikar. Kanten av bedet kan markerast med kantar av til dømes tre, stein, små hekkar, graskant eller ei mindre skarp grense. I tillegg til plantar kan ein også plassera ulike dekorasjonar i bed, som stein, skulpturar, hagenissar eller springvatn.

Det finst mange ulike typar bed. Dei kan ha namn etter funksjon, som såbed, der jorda er tilreidd for å så i, plantebed eller prydbed. Bed kan ha namn etter korleis jorda eller landforma i dei er, som steinbed, fjellbed eller høgbed, eller etter hovudplantetypen ein har i dei, som blomsterbed, staudebed eller urtebed.

Kjelder endre

  • Bed (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 17. desember 2013.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bed