Beggars Banquet
Studioalbum av The Rolling Stones
Språk engelsk
Utgjeve 6. desember 1968
Innspelt 17. mars – 25. juli 1968
Studio Olympic Sound Studios i London;[1] Sunset Sound, Los Angeles
Sjanger
Lengd 39:44
Selskap Decca (Storbritannia)
London (USA)
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
Their Satanic Majesties Request
(1967)
Beggars Banquet Let It Bleed
(1969)
Singlar frå Beggars Banquet
  1. «Street Fighting Man»
    Utgjeve: 31. august 1968 (USA)

Beggars Banquet er eit album av The Rolling Stones frå 1968. Det markerte ei musikalsk endring for bandet tilbake til R&B-røtene deira, og vert generelt rekna som langt enklare enn den psykedeliske Their Satanic Majesties Request.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[5]
Boston Herald4/4 stars[6]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[7]
Entertainment WeeklyA[8]
The Great Rock Discography10/10[9]
Music Story5/5 stars[10]
MusicHound Rock4.5/5[11]
NME8/10[12]
Rolling Stone5/5 stars[13]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[14]

Historie

endre

Etter den lange innspelinga av det førre albumet i 1967 og etter at produsent og manager Andrew Loog Oldham var borte, leigde Mick Jagger og Keith Richards inn produsent Jimmy Miller, som hadde produsert Spencer Davis Group og Traffic. Partnarskapet skulle vise seg å verte ein suksess og Miller arbeidde med bandet fram til 1973.

I mars starta innspelinga av albumet med sikte på utgjeving i juli. Ein av dei første songane som vart spelt inn var «Jumpin’ Jack Flash», som vart gjeve ut berre som singel i mai 1968 og vart ein stor hit.

Beggars Banquet var det siste albumet Brian Jones medverka på. I tillegg til slidegitaren hans på «No Expectations», spelte han munnspel på «Dear Doctor» og «Prodigal Son», sitar og tambura på «Street Fighting Man» og mellotron på «Jigsaw Puzzle» og «Stray Cat Blues».

I juni var innspelinga nesten ferdig, og noko lydspor vart lagt til og plata vart miksa i Los Angeles i juli. Både Decca Records i England og London Records i USA vraka det planlagde plateomslaget, eit bilete av ein toalettvegg med grafitti. Bandet nekta i starten å endre omslaget, og dette medførte til at utgjevinga vart utsett fleire månader. I november gav Rolling Stones seg til slutt, og albumet kom ut i desember med eit enkelt kvitt omslag forma som eit invitasjonsbrev. Ideen om eit enkelt, kvitt omslag hadde The Beatles gjort for deira dobbeltalbum, som kom ut berre ein månad før Beggars Banquet. Dette medførte skuldingar om at Rolling Stones kopierte the Beatles. I 1984 vart det opphavlege omslaget nytta på den første CD-utgåva av Beggars Banquet.

Kritikarane såg på plata som eit skritt tilbake til den opphavlege stilen til the Stones.[15] Albumet vart ein kommersiell suksess, og nådde tredjeplass i USA og femteplass i Storbritannia. I Noreg låg albumet seks veker samanhengande på andreplassen, heile tida bak The Beatles og det kvite albumet deira.

Det opphavlege omslaget tilskreiv ikkje Rev. Robert Wilkins som låtskrivar på «Prodigal Son», men dette vart gjort på seinare utgåver.

10.–11. desember 1968 filma bandet The Rolling Stones Rock and Roll Circus med John Lennon, Eric Clapton, The Who og Jethro Tull som nokre av gjestene. Det opphavlege målet med dette prosjektet var å promotere Beggars Banquet, men filmen kom ikkje ut offisielt før i 1996.

I 2003 vart album rangert på 53. plass av musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene. Same året rangerte TV-kanalen VH1 Beggars Banquet som det 67. største albumet gjennom tidene. Albumet er òg i boka 1001 albums You Must Hear Before You Die.

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnd.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sympathy for the Devil»6:27
2.«No Expectations»4:02
3.«Dear Doctor»3:26
4.«Parachute Woman»2:23
5.«Jigsaw Puzzle»6:17
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Street Fighting Man»3:18
7.«Prodigal Son» (Rev. Robert Wilkins)2:55
8.«Stray Cat Blues»4:40
9.«Factory Girl»2:12
10.«Salt of the Earth»4:51

Medverkande

endre

Kjelder:[16] [17][18][19][20]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister og salstrofé

endre

Vekeslister

endre
Liste (1968–69) Plassering
Australia (Kent Music Report)[21] 3
Canada Top Albums/CDs (RPM)[22] 3
Tyske album (Offizielle Top 100)[23] 8
Norske album (VG-lista)[24] 2
Britiske album (OCC)[25] 3
US Billboard 200[26] 5
Liste (2007) Plassering
Svenske album (Sverigetopplistan)[27] 43
Liste (2007) Plassering
Franske album (SNEP)[28] 197

Singlar

endre
År Singel Liste Plassering
1968 «Street Fighting Man» Billboard Hot 100[26] 48
Austrian Singles[29] 7
Dutch Singles[30] 5
German Singles[31] 8
Swiss Singles[32] 4
1971 UK Singles (OCC)[25] 62

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[33] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[34] Gull 100 000^
USA (RIAA)[35] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. Brown, Phill (July 2000). «Phill Brown, Recording the Rollig Stones' Classic, Beggar's Banquet». tapeop.com (TapeOp). 
  2. Lester, Paul (10. juli 2007). «These albums need to go to rehab». guardian.co.uk (London: Guardian News and Media Limited). Henta 26. mars 2018. 
  3. Dimery, Robert, red. (2011). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. London: Cassell. s. 130. ISBN 978-1-84403-699-8. 
  4. Luhrssen, David, and Michael Larson (2017). Encyclopedia of Classic Rock. ABC-CLIO. s. 305. 
  5. AllMusic review
  6. Katz, Larry (16. august 2002). «Music; Stoned again; Band's early albums reissued in time for tour». Boston Herald. Scene section, p. S.21. Henta 26. mars 2018.  (krev abonnement)
  7. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music 7 (4th utg.). Oxford University Press. s. 119. ISBN 0-19-531373-9. 
  8. Browne, David (20. september 2002). «Satisfaction?». Entertainment Weekly (New York) (673): 103. Arkivert frå originalen 21. oktober 2014. Henta 26. mars 2018. 
  9. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Canongate U.S. s. 1292, 1294. ISBN 1-84195-615-5. 
  10. «Beggars Banquet». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 28. juni 2016. Henta 26. mars 2018. 
  11. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 950. ISBN 1-57859-061-2. 
  12. «Review: Beggars Banquet». NME (London): 46. 8. juli 1995. 
  13. DeCurtis, Anthony (17. juni 1997). «Review: Beggars Banquet». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen den 31. januar 2002. Henta 26. mars 2018. 
  14. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Henta 26. mars 2018.
  15. allmusic – Beggars Banquet
  16. Margotin, J Guesdon, P, J-M, 2016. The Rolling Stones All the Songs: The Story Behind Every Track. 1st ed. New York: Black Dog & Leventhal. p. 238-266.
  17. The Rolling Stones | Official Website
  18. Stone Alone - Bill Wyman
  19. Rolling With The Stones - Bill Wyman
  20. Satanic Sessions - Midnight Beat - CD box sets
  21. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  22. "Top RPM Albums: Nummer 5887". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. mars 2018.
  23. "Offiziellecharts.de – The Rolling Stones – Beggars Banquet" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 26. mars 2018.
  24. "The Rolling Stones – Beggars Banquet". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  25. 25,0 25,1 "Rolling Stones | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. mars 2018.
  26. 26,0 26,1 "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 26. mars 2018.
  27. "The Rolling Stones – Beggars Banquet". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  28. "The Rolling Stones – Beggars Banquet". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 26. mars 2018.
  29. «The Rolling Stones - Street Fighting Man». austriancharts.at. Arkivert frå originalen 14. april 2016. Henta 26. mars 2018. 
  30. «The Rolling Stones - Street Fighting Man». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 15. august 2016. Henta 26. mars 2018. 
  31. «Offizielle Deutsche Charts». Gfk Entertainment. Henta 26. mars 2018. 
  32. «The Rolling Stones - Street Fighting Man». swisscharts.com. Arkivert frå originalen 17. august 2016. Henta 26. mars 2018. 
  33. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones». Music Canada. Henta 26. mars 2018. 
  34. «British album salstrofé – The Rolling Stones». British Phonographic Industry. Henta 26. mars 2018.  Enter The Rolling Stones in the field Search. Select Artist in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  35. «American album salstrofé – The Rolling Stones». Recording Industry Association of America. Henta 26. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH