Beit Hanoun (arabisk بيت حانون) er ein by i nordaust på Gazastripa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 32 187 i midten av 2006.[2] Han ligg ved Hanoun-elva, berre 6 km frå den israelske byen Sderot.

Beit Hanoun
بيت حانون, Beit Hanun, Bayt Hanun
kommune
Namneopphav: Hanun-huset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nord-Gaza guvernement
Koordinatar 31°32′29.23″N 34°32′10.60″E / 31.5414528°N 34.5362778°E / 31.5414528; 34.5362778
Areal 12,5 km²
Folketal 32 187  (2006)
Kart
Beit Hanoun
31°32′29″N 34°32′11″E / 31.541452777778°N 34.536277777778°E / 31.541452777778; 34.536277777778
Wikimedia Commons: Beit Hanun

Historie endre

Oldtida endre

I følgje ei segn var Beit Hanoun hovudstaden i til filistinar-kongen Hanoun, som kjempa mot assyrarane på 700-talet fvt.

Ajjubidane slo krossfararane i slaget ved Umm al-Nasser-åsen, like ved for Beit Hanoun i 1239, og bygde Umm al-Naser-moskeen (Mor til dei sigrande-moskeen) der til minne om sigeren.[3] Det låg eit postkontor i Beit Hanoun under mamelukkane.[4]

Osmansk tid endre

Byen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og stod oppført i 1596 i skattelister som ein del av Gaza nahiya i Gazza liwa. Han hadde eit folketal på 36 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter and/ eller bikubar.[5]

I 1838 vitja Edward Robinson og skreiv at «alle var travle med kveite-innhaustinga.»[6]

Seint i osmansk tid, i mai 1863, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Mellom hagane fann han eldgamle konstruksjonar i form av tilhogde steinar, fragment av søyler og fundament.[7]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine staden som ein «liten leirsteinslandsby, omgjeve av hagar, med ein brunn i vest. Lendet er flatt og i aust ligg ein dam ved sidan av vegen.»[8]

Det britiske mandatet endre

I folketeljinga i 1922 hadde Beit Hanoun eit folketal på 885, alle muslimar,[9] medan han i folketeljinga i 1931 hadde eit folketal på 849, framleis alle muslimar, i 194 hus.[10]

I 1945 hadde Beit Hanun eit folketal på 1 680 arabarar og 50 jødar, med 20 025 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 2 768 mål for sitrus og bananar, 697 var plantasjar og irrigert land, 13 186 nytta for korn,[12] medan 59 mål vart utbygd land.[13]

Egyptisk periode endre

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 tente eit område i nærleiken av Beit Hanoun, og sidan sjølve Beit Hanoun, som ein israelsk, taktisk veg inn for å stoppe framrykkinga til den egyptiske hæren frå Ashkelon til styrkar sørover i området som seinare vart Gazastripa.

Medan området var under egyptisk styresmakter, klaga Egypt til Mixed Armistice Commission om at israelske militærstyrkar den 7. og 14. oktober 1950 hadde bomba og skote mot dei arabiske landsbyane Abasan al-Kabera og Beit Hanoun i egyptisk kontrollert område på Gazastripa. Dette førte til at sju sivile omkom, medan tjue vart skadde.[14]

Israelsk okkupasjon endre

Den israelske hæren kringsette Beit Hanoun frå 15. mai til 30. juni 2003, og øydela mange hus, raserte store område med jordbruksland og øydela den sivile infrastrukturen i byen.[15] Under raidet mot Beit Hanoun i 2004 vart byen kringsett i 37 dagar. Kring 20 palestinarar vart drepne og igjen vart det store skadar på eigedom og infrastruktur. Infrastrukturen i Beit Hanoun vart igjen kraftig råka under eit åtak frå israelske styrkar i 2005.[16]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 358
  2. Projected Mid -Year Population Arkivert 2012-02-12 ved Wayback Machine. for Nord-Gaza guvernement by Locality 2004– 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. Sharon, 1999, s. 98 ff
  4. Beit Hanoon Arkivert 2013-08-23 ved Wayback Machine. Municipality of Gaza.
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 147
  6. Robinson and Smith, 1842, vol 2, s. 371 -372
  7. Guérin, 1869, s. 175, as noted by Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 247
  8. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 233
  9. Barron, 1923, Table V, Underdistrikt of Gaza, s. 8
  10. Mills, 1932, s. 2
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 45
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 86
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 136
  14. UN Doc S/1459 of 20. februar 1950 Report of the Mixed Armistice Commission
  15. Uprooting Palestinian Trees And Leveling Agricultural Land Arkivert 2013-10-21 ved Wayback Machine.—The tenth Report on Israeli Land Sweeping and Demolition of Palestinian Buildings and Facilities in the Gaza Strip 1 April, 2003 – 30 April,2004. PCHR, 1. mai 2004
  16. Europaan Commission report Arkivert 2009-03-27 ved Wayback Machine. MED/2004/090-716 Damage Assessment: Beit Hanoun Area 17. desember 2005

Bakgrunnsstoff endre