Beit Lahia (arabisk بيت لاهيا) er ein by som ligg på Gazastripa nord for Jabalia, nær Beit Hanoun og våpenkvilelinja frå 1949 med Israel. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 59 540 i 2006.[2] Hamas, eit islamist-parti, tok kontroll over byen under kommunevala i 2005, og styrer framleis byen og heile Gazastripa.

Beit Lahia
بيت لاهيا, Bayt Lahiya
kommune
Namneopphav: Lahi-huset[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nord-Gaza guvernement
Koordinatar 31°33′14.04″N 34°30′04.97″E / 31.5539000°N 34.5013806°E / 31.5539000; 34.5013806
Folketal 59 540  (2006)
Borgarmeister Izz al-Din al-Dahnoun
Kart
Beit Lahia
31°33′14″N 34°30′05″E / 31.5539°N 34.501380555556°E / 31.5539; 34.501380555556
Wikimedia Commons: Beit Lahia
Nettstad: www.bietlahia.mun.ps

Historie endre

Beit Lahia ligg ved ruinane av ein oldtidsbusetnad på ei høgd.[3] Det har vore foreslått at det var Bethelia, heimstaden til Sozomen, der det òg låg eit tempel.[4] Ein har òg funne bysantinsk keramikk på staden.[5] A mihrab, or mosque alcove indicating the direction of salaah (prayer), is all that remains of an ancient mosque vest for Beit Lahia dating to the end of the Fatamid period and beginning of the ajjubidane Dynasty of Saladin, and two other mosques dating to osmansk period.[3]

Mamelukkane endre

Ei marmorplate, som ligg ved maqamen Salim Abu Musallam i Beit Lahia har ein inskripsjon frå den seinare tida under mamelukkane. Det er ei gravskift for fire søner av guvernøren av Gaza, Aqbay al-Ashrafi, som alle døydde i byrjinga av mai 1492. Ein trur at borna døydde av pest, slik det var skidlra av Mujir al-Din. Pesten herja i Palestina in 1491-2.[6]

Det osmanske riket endre

I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Beit Lahia oppført i osmanske skattelister som ein del av i Gaza nahiya i Gaza liwa'. Han hadde eit folketal på 70 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, vindruer, frukttre, geiter og/eller bikubar.[7]

Seint i osmansk tid, i mai 1863, vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han skildra staden som «busett av 250 innbyggjarar. Han ligg i ein avlang dal, godt oppdyrka, og omgjeve av høge sanddyner, som skapar ein sterk varme. Det er ein liten oase, stadig truga av dei flyttande sanddynene, som ligg på kvar side, og sanden ville ha dekt heile området, om ikkje folk stadig kjempa for å hindre dette».[8] I 1883 vart staden skildra av Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine som ein «liten landsby med fine hagar og lundar med store og gamle oliven, i midten av sanden. Han har ein brunn i sør. Det ligg ein liten moské i landsbyen.»[4]

Palestinamandatet endre

I folketeljinga i 1922 utført av Det britiske mandatet styresmaktene, hadde Bait Lahia eit folketal på 871, alle muslimar,[9] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1133, framleis alle muslimar, i 223 hus.[10] I 1945 var folketalet i Beit Lahiya på 1700 arabarar og landarealet var 38 376 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[11] Av dette var 134 mål var for sitrus og bananar, 1 765 for plantasjar og irrigert land, 15 185 for korn,[12] medan 18 mål var utbygde område.[13]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 358
  2. Projected Mid -Year Population Arkivert 2012-02-12 ved Wayback Machine. for Nord-Gaza guvernement by Locality 2004- 2006 Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. 3,0 3,1 Beit Lahaia Arkivert 2013-08-23 ved Wayback Machine. Municipality of Gaza.
  4. 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1883, s. 233-234
  5. Dauphin, 1998, s. 881
  6. Sharon, 1999, s. 149-151
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 144
  8. Guérin, 1869, s. 176, som omsett av Conder og Kitchener, 1883, s. 234
  9. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Underdistrikt of Gaza, s. 8. 
  10. Mills, 1932, s. 2
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 45
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 86
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 136

Bakgrunnsstoff endre