Bekkasinsniper

fugleslekt
Bekkasinsniper
Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus) Foto: Tim Bowman
Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus)
Foto: Tim Bowman
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Bekkasinsniper Limnodromus
zu Wied-Neuwied, 1833

Bekkasinsniper (Limnodromus) er ei lita biologisk slekt i snipefamilien, Scolopacidae. Dei tre artane er mellomstore vadefuglar med lange nebb og middels lange bein.

Skildring endre

Bekkasinsniper er omtrent like store som ein enkelbekkasin og liknar både bekkasinar og lappspovar i kroppsform, rørsler, og i den raudlege hekkedrakta, men skil seg frå ved dei med monaleg kortare beina. Nebbet til bekkasinsniper er særmerkt langt, tjukkare mot tuppen og nesten umerkeleg nedbøygt. I alle draktene syner dei ei tydeleg augebrynstripe. Dei middels lange beina, som kan virke relativt korte, er grønaktige. I flukta kan ein kvit, avlang oval flekk sjåast på ryggen. Vengene har ein smal kvit bakkant.

Bekkasinsniper hekkar i gras og mosetuer på bakken, aldri langt frå vatn og dei beitar hovudsakleg på sniglar, insekt og andre virvellause dyr som dei lokaliserer med hjelp av dei lange nebba i gjørma i vassmiljøet. Meir sjeldan tar dei òg planteføde.

Artslista
  • Kortnebbekkasinsnipe (Limnodromus griseus), hekkefugl med tre underartar i Canada og søraustre Alaska. Denne arten overvintrar i kystområde av det sørlege USA gjennom kystane av Mellom-Amerika og Karibia til Peru og Brasil og kan svært sjeldan observerast som streiffugl i Vest-Europa inkludert Noreg.[1]
  • Langnebbekkasinsnipe (Limnodromus scolopaceus), hekkar på tundraen i Nord-Amerika og Nordaust-Sibir, trekkjer vinterstid til det sørlege USA og Mellom-Amerika. Dei blir sjeldan, men regelmessig observert i Vest-Europa. Til dømes blei einslege langnebbekkasinsniper notert totalt 16 gonger i Noreg i perioden 2000-2015.[2] For dei fleste observasjonane handlar det mest om unge fuglar som kjem spesielt i september og oktober til Europa.[3]
  • Asiabekkasinsnipe (Limnodromus semipalmatus), hekkar på steppene i sørlege Sibir, Mongolia og Nordaust-Kina, om vinteren trekkjer denne arten til Søraust-Asia, Australia og New Zealand, viktige overvintringsområdene er Delta Banyuasin i Sumatra og Ujung Pangkah på Java.[4]

Dei to amerikanske artane er vanskeleg å skilja frå kvarandre, dei var òg tidlegare trudd å vere same arten. Den tredje arten i slekta, den nokså sjeldne asiabekkasinsnipa, er heller lite kjent.

Alle tre artane er trekkfuglar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Short-billed Dowitcher (Limnodromus griseus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016
  2. Søk på artsobservasjoner.no den 9. august 2016
  3. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Long-billed Dowitcher (Limnodromus scolopaceus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016
  4. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Asian Dowitcher (Limnodromus semipalmatus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. august 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bekkasinsniper