Bellac
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Haute-Vienne
Geografi
Flatevidd 24,42 km²
Flatevidd
 - By

24,42 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

4 576
  187/km²
Koordinatar 46°07′N 01°03′E / 46.117°N 1.050°E / 46.117; 1.050
Høgd over havet 245 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 87300

Bellac (Belacoksitansk) er ein liten by og kommune i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Haute-Vienne.

Historie endre

På første halvdel av 900-talet bygde Boso den eldre, greve av La Marche, eit slott på ein klippe over Vincou. Dette slottet finst ikkje meir i dag. Rundt slottet utvikla derimot staden Bellac seg, og fekk byrettar av grev Aldebert III på 1100-talet. I 1531 vart Bellac ein del av den franske krona.