Belmopan er hovudstad i Belize og har eit folketal på nesten 17 000. Byen ligg 76 meter over havet og sentralt i landet, ved Roaring Creek, like aust for Belizeelva.

Belmopan
Regjeringsbygget i Belmopan
Regjeringsbygget i Belmopan
Regjeringsbygget i Belmopan
Kallenamn
«Hagebyen»
Motto
«City of Promise»
Styresmakter
Land
Distrikt
Belize
Cayo
Grunnlagd 1966
Geografi
Flatevidd 32 780 000 km²
Innbyggjarar
 - By

17 000
Koordinatar 17°15′5″N 88°46′1″W / 17.25139°N 88.76694°W / 17.25139; -88.76694
Høgd over havet 76 m
Tidssone
- Ved sommartid
CST (UTC-6)
CDT (UTC-5)
Diverse anna
Heimeside: http://www.belmopancityonline.com/
Nettstad: www.belize.gov.bz
Plassering
Kart over Belize.

Belmopan ligg 80 km sørvest for Belize City, den tidlegare hovudstaden i dåverande Britisk Honduras. Hovudstaden vart føreslått flytt etter at Belize City nesten vart jamna med jorda etter ein orkan i 31. oktober 1961. I 1966 vart Belmopan grunnlagd med støtte frå Storbritannia, og i 1970 flytta regjeringa i Belize hit. Regjeringsbygget vart bygd for å etterlikna klassisk mayaarkitektur. Byen vart den gong planlagd for 40 000 innbyggjarar, men det varme og fuktige klimaet har halde mange innbyggjarar unna. På grunn av dette er Belmopan ein av dei minste hovudstadane i verda.

Kjelder

endre

«Belmopan» i Store norske leksikon, snl.no.