Beltegrader i judo

Jigoro Kano, som grunnla sporten judo, var den første som brukte beltefarge til å symbolisera gradene til utøvarane, då han delte ut svarte belte til to av studentane sine i 1883. For å få beltegrader må ein gjennom ei gradering, der ein må visa ei viss mengd teknikkar. I graderinga kan òg inngå krav om kamperfaring. Nybyrjarar brukar kvitt belte, og treng ikkje gradera seg for å få det.

Judograder i Japan endre

I Japan brukar ein judoka kvitt belte fram til han når ein meistergrad (dan) og får utdelt det svarte beltet. Eventuelt kan eit brunt belte symbolisera ein vidarekomen elev.

Farga kyu-grader endre

Farga belte for dei som enno ikkje hadde fått svarte belte kom ikkje før judoen spreidde seg utanfor Japan. Mikonosuke Kawaishi vert ofte rekna for å vera den som introduserte ulike farga belte i Europa i 1935 då han starta med judo i Paris. Han meinte at dei vestlege utøvarane ville visa større framsteg og verta meir motiverte dersom dei hadde synlege prov på framgangen. Dette systemet innebar kvite, gule, oransje, grøne, blå og lilla belte før dei tradisjonelle brune og svarte belta.

Alle gradene endre

Elevgrader (Kyu)

6. Kyu     Rokyu     (kvitt)
5. Kyu     Gokyu     (gult)
4. Kyu     Yonkyu     (oransje)
3. Kyu     Sankyu     (grønt)
2. Kyu     Nikyu     (blått)
1. Kyu     Ikkyu     (brunt)

Meistergrader (Dan)

1. Dan     Shodan     (svart)
2. Dan     Nidan     (svart)
3. Dan     Sandan     (svart)
4. Dan     Yodan     (svart)
5. Dan     Godan     (svart)
6. Dan Rokudan (raudt og kvitt)    
7. Dan Nanadan (raudt og kvitt)    
8. Dan Hachidan (raudt og kvitt)    
9. Dan     Kudan     (raudt)
10. Dan     Judan     (raudt)

Utvikling til andre kampsportar endre

Judodrakten (judogien) og beltegradene spreidde seg etterkvart til mange andre moderne kampsportar, som aikido og karate. I gamle dagar brukte ikkje karateutøvarane (karateka) ei eiga form for uniform eller drakt i det heile, kyu/dan gradene og karategi (ein modifisert judogi) vart først introdusert av Funakoshi i eit forsøk på å få karate akseptert av japanarane. I 1924 vart dei første shodan-gradene delt ut til karateutøvarar. Ein eigen karategi og beltegrader var nokre av krava Dai-Nippon Butokukai stilte for at dei ville godkjenna karate som ein «ekte» kampsport.

Kjelde endre

Artikkelen «Beltegrad» på bokmåls-wikipedia