Benoît David

kanadisk songar

Benoît David (fødd 19. april 1966) er ein canadisk progressiv rock-vokalist, mest kjend som tidlegare vokalist for Yes. Han starta samarbeidet sitt med bandet som gjestevokalist under «In The Present»-turneen i 2008–2009. David vart 15. oktober 2009 presentert som offisielt medlem av Yes. Han slutta i bandet i februar 2012, etter at han fekk problem med stemma Europa-turnen til bandet hausten og vinteren 2011.[2]

Benoît David

David med Yes i Brasil i 2010
Fødd19. april 1966 (57 år)
FødestadMontreal i Quebec i Canada[1]
OpphavCanada
Aktiv1981-2013
SjangerProgressiv rock, poprock
InstrumentVokal, gitar, perkusjon
Tilknytte artistarMystery, Yes
PlateselskapUnicorn Digital
Verka somMusikar

Han er òg medlem av bandet Mystery, og var frå 1994 til 2009 med i Yes-coverbandet Close to the Edge.[3]

Benoît David var våren og sommaren 2010 med på USA-turneen til Yes, og bandet starta hausten 2010 innspelingar av albumet Fly from Here med David som vokalist. Albumet vart gjeve ut sommaren 2011.[4] Han er òg vokalist på konsertalbumet In the Present – Live from Lyon, som vart spelt inn i desember 2009 og gjeve ut i november 2011.

Diskografi endre

Yes endre

Mystery endre

  • 2007 Beneath the Veil of Winter's Face
  • 2010 One Among the Living
  • 2012 The World is a Game
  • 2014 Tales from the Netherlands (konsertalbum)

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Benoît David» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff endre