Bent Fabricius-Bjerre

dansk komponist
(Omdirigert frå Bent Fabricius Bjerre)

Bent Fabricius-Bjerre (fødd 7. desember 1924 på Frederiksberg, død 28. juli 2020), òg kjend som Bent Fabric, var ein dansk komponist og musikar. Han har jobba mykje med musikk for film og fjernsyn, særleg for danske, men også norske produksjonar.

Bent Fabricius-Bjerre
Fødd7. desember 1924
FødestadFrederiksberg
Død28. juli 2020 (95 år)
AliasBent Fabric, Bert Graves
OpphavDanmark
Aktiv1950–2020
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapAtco Records
Verka somkomponist, pianist, filmmusikkomponist, platebransjeleiar, stemmeskodespelar
MorRigmor Krøyer
Gift medAnne Fabricius-Bjerre
PrisarÆres-Bodil, ridder av Dannebrogordenen, Rødekro Kulturpris, Æres-Robert

Karriere endre

I 1962 opplevde Fabricius-Bjerre stor suksess i USA med singelen «Alley Cat», som var skriven som kjenningsmelodi til den danske fjernsynsserien Omkring et flygel, som Fabricius-Bjerre var vert for.[1] Fabricius-Bjerre vart lansert under namnet Bent Fabric and His Piano med ei oppdikta historie om dei to kattane hans, som skulle ha inspirert han til melodien og dermed til tittelen. Sanninga var derimot at plateselskapet ikkje tykte at «Around the Piano» var ein høveleg tittel. «Alley Cat» gjekk inn som #7 på den prestisjefylde hitlista Billboard Hot 100, og i 1962 vann han ein amerikansk Grammy for komposisjonen i kategorien for beste rock and roll-innspeling.[1] Låta var inkludert på eit album med same namn som kom ut i 1962.

Fabricius-Bjerre har blant anna skrive musikken til tv-seriar og filmar som Olsenbanden. Det er han som har komponert dixielandtemaet til filmane som vert spelt av Papa Bues Viking Jazzband. Olsenbanden er namnet på to ulike filmseriar, ein dansk og ein norsk, og Fabricius-Bjerre står bak musikken i begge. I tillegg har han m.a. laga musikken til fjernsynsserien Matador, og Flåklypa Grand Prix.[2]

I 2004 gjenoppliva Fabricius-Bjerre kunstnarnamnet Bent Fabric og gav ut popalbummet Jukebox, som var skrive og produsert av m.a. Remee og Infernal. Her samarbeider han med yngre artistar som Søren Rasted i Aqua med å laga nye versjonar av ein del av melodiane sine.[3]

I 1996 vart han kåra til Ridder av Dannebrog. Han døydde 95 år gamal den 28. juli 2020.[4]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 Houmøller, Louise (7. desember 2004) Fabric'en fylder firs. Berlingske Tidende. Henta 30. juni 2018.
  2. Komponisten på IMDB.com
  3. Jukebox på Allmusic.com
  4. Aronsen, Anniken. (28. juli 2020). Bent Fabricius-Bjerre: Døde etter sykdom. Dagbladet.