Berg trekyrkje i Brunlanes

Berg trekyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold.

Berg trekyrkje
kyrkje
Foto: Mahlum
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Larvik
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Arkitekt Henrik Nissen
Material Tre
Innvigd 1878
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå 1580
Sitjeplassar 305
Kart
Berg trekyrkje i Brunlanes
58°59′28″N 9°54′55″E / 58.99121°N 9.91534389°E / 58.99121; 9.91534389
Wikimedia Commons: Berg trekirke

På slutten av 1800-talet var Berg steinkyrkje for lita og i dårleg stand, og det vart vedteke å byggje ny kyrkje. Kyrkja vart teikna av Johannes Henrik Nissen, oppført av byggmeister Mathias Olsen frå 1875 og innvigd i 1878. Ho har vesttårn, og koret i aust er polygonalt avslutta og har sakrsiti på kvar side.

Kyrkja går for å vere den største trekyrkja i Larvik kommune, men overslaga over talet på sitjeplassar varierer.[1]

Altartavla er frå 1580 og vart overført frå steinkyrkja, som vart riven etter at trekyrkja var innvigd (for så å bli gjenreist seinare). Preikestolen ser ut til å vere på alder med kyrkja.

På 1970-talet vart det avdekka skadar på trekyrkja, og det vart sett av midlar til istandsetjing. Ikkje alle reparasjonane vart faktisk utført. I staden vart det arbeidd for å oppføre ei arbeidskyrkje, som vart innvigd i 2007. Denne har for ein stor del teke over som gudstenestekyrkje.

Kyrkjegarden er framleis i bruk, og den nye arbeidskyrkja har ingen kyrkjegard.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. 305 ifølgje Larvik kyrkjelege fellesråd, som viser til brannforskrifter. Eldre overslag opererer med 500.