Berge Østenstad
Berge Østenstad (fødd Berge Christiansen, 15. september 1964) er ein norsk sjakkspelar.
Berge Østenstad | |
Fødenamn | Berge Christiansen |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1964 Oslo |
Idrett | sjakk |
Tok del i |
Sjakk-OL 1984, Sjakk-OL 1990, Sjakk-OL 2004 |
Han vart stormeister i sjakk i 2003, som den sjette norske sjakkspelaren. Østenstad har vunne åtte noregsmeisterskap i sjakk, fleire enn nokon annan: I åra 1984, 1990, 1994, 1997, 1999, 2003, 2004 og 2011. Simen Agdestein har sju noregesmeisterskap. Berge Østenstad oppnådde tittelen internasjonal meister i 1987.
Berge Østenstad kvalifiserte seg for stormeister-tittelen ved gode turneringsresultat på Gausdal og i Biel i 1990. Kravet om å oppnå 2500 i FIDE-rating klarte han i 1991. Det tok deretter ein del år før han klarte det naudsynte tredje resultatet, som kom i ei turnering i Göteborg i 2003.
Berge Østenstad har deltatt 3 gongar på det norske landslaget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk), i åra 1984, 1990 og 2004. Han har eit samla resultat på 10 sigrar, 9 remisar og 10 tap, 14,5 poeng på 29 parti, 50,0 %.
Berge Østenstad spelar for Asker sjakklubb.
KjelderEndra
- Victor Hansen «Vår neste stormester», Norsk sjakkblad nr. 1 2003, side 4
- Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2
- Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv