Bergen byleksikon

Bergen byleksikon er eit lokalhistorisk alfabetisk ordna oppslagsverk om Bergen si fortid og notid, utgjeve i eitt band fyrste gongen i 1994 på Kunnskapsforlaget, med Gunnar Hagen Hartvedt (1918-2002) som forfattar. Ei ny og delvis revidert utgåve kom i 1999, og i 2009 gav Kunnskapsforlaget ut ei ny, oppdatert og utvida utgåve med Norvall Skreien som forfattar [1]. Etter dette kjem ikkje Bergen byleksikon til å verte trykt opp att.

Internettutgåva av Bergen byleksikon Endra

Bergen Byarkiv har kjøpt tekstdatabasen til 2009-utgåva av Bergen byleksikon, og har publisert leksikonet som ei digitalisert utgåve på Internett. Til å byrje med har Internettversjonen det same innhaldet som 2009-utgåva, men talet på illustrasjonar er mykje lågare og det finst inga kart som syner kvar ein omtalt bygning eller gate ligg. Men meininga er at Bergen byleksikon skal utviklast og på sikt verte revidert og utbygd både med betre brukargrensesnitt, innhald, illustrasjonar og kart. Rettane til å nytte Norvall Skreien sine fotografi er kjøpt inn, og dei vert supplert med fotografi og andre arkivdokument frå byarkivets eigne samlingar.

Tilretteleggjinga av Bergen byleksikon for digital publisering er gjort av ein redaksjon samansett av tilsette ved ulike avdelingar i Bergen Byarkiv.

Fotnote Endra

Kjelder Endra