Eviny
Eviny (tidlegare BKK; Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap) er det største kraftlaget på Vestlandet, og det femte største kraftlaget i Noreg. Kraftlaget driv produksjon, overføring og sal av elektrisk kraft. I tillegg har verksemda dei siste åra satsa på nye tenester som telefoni og breiband. Eviny hadde i 2005 ei omsetning på 3,29 milliardar kroner, og eit overskot på 1,44 milliardar kroner. Administrerande direktør er Ketil Tømmernes.
Eviny | |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 880309102 | ||
Skipa | 17. november 1998 | ||
Eigar | Statkraft Industrial Holding, Bergen kommune, Øygarden kommune, Alver kommune, Askøy kommune, Sunnfjord kommune, Kvinnherad kommune, Kvam herad, Voss herad, Fjaler kommune, Austrheim kommune, Hyllestad kommune, Vaksdal kommune, Gulen kommune, Solund kommune, Høyanger kommune, Fedje kommune, Masfjorden kommune | ||
Dotterselskap | BKK Nett | ||
Eigenandel i | Sunnhordland Kraftlag[1] | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Kristine Aadland (2023) | ||
Nettstad | https://www.eviny.no/ |
Soge
endreEviny vart skipa 2. juni 1920, etter nokre års strid mellom landkommunane og Bergen om vassdragsrettane til Bergsdalsvassdraget. Den første utbygginga Eviny gjennomførte, var utbygginga av nettopp dette vassdraget, som vart økonomisk mogleg gjennom eit svært heldig dollarlån - der kraftlaget tente gode pengar på stigande kronekurs.
Vassdrag
endreEviny har kraftverk og eigarinteresser i følgjande vassdrag.
Samnangervassdraget
endreI Samnanger kommune, Hordaland. Opphavleg utbygd av Bergen Lysverker (oppkjøpt av Eviny i 1996).
- Frøland kraftverk - i drift 1912, vassdraget ferdig utbygd 1921. Årsproduksjon 138 GWh.
- Grønsdag kraftverk - i drift 1948. Årsproduksjon 138 GWh.
- Kvittingen kraftverk - i drift 1984. Årsproduksjon 160 GWh.
- Myra kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 10 GWh.
Bergsdalsvassdraget
endreI Vaksdal og Voss kommunar, Hordaland.
- Dale kraftverk - i drift 1927, utvida 1951 og modernisert 1990. Årsproduksjon 671 GWh.
- Fosse kraftverk - i drift 1954. Årsproduksjon 141 GWh.
- Kaldestad kraftverk - i drift 1964. Årsproduksjon 89 GWh.
Matre- og Haugsdalsvassdraget
endreI Masfjorden kommune, Hordaland og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
- Matre kraftverk - i drift 1959 (Haugsdalsvassdraget) og 1961 (Matrevassdraget). Årsproduksjon 1302 GWh.
- Hommelfoss kraftverk - i drift 1944, modernisert 1985. Årsproduksjon 14 GWh.
- Stordal kraftverk - i drift 1974. Årsproduksjon 58 GWh.
- Vemundsbotn kraftverk - i drift 1976. Årsproduksjon 165 GWh.
- Vestrebotn kraftverk - i drift 1999. Årsproduksjon 14 GWh.
Eksingedals- og Teigdalsvassdraget
endreI Voss, Vaksdal og Modalen kommunar, Hordaland og Vik kommune, Sogn og Fjordane.
- Evanger kraftverk - i drift 1969, siste turbin i drift 1977. Årsproduksjon 1435 GWh.
- Oksebotn kraftverk - i drift 1988. Årsproduksjon 44 GWh.
- Myster kraftverk - i drift 1987. Årsproduksjon 307 GWh.
Modalsvassdraget
endreI Modalen kommune, Hordaland, Vik kommune og Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.
- Steinsland kraftverk - i drift 1981. Årsproduksjon 640 GWh.
- Hellandsfoss kraftverk - i drift 1992. Årsproduksjon 127 GWh.
- Åsebotn kraftverk - i drift 1994. Årsproduksjon 64 GWh.
- Nygard pumpekraftverk - i drift 2005.
Andre vassdrag
endreI tillegg kjem mindre kraftverk og vassdrag, samt andre kraftverk der Eviny berre har eigarinteresser, mellom anna Sima kraftverk i Eidfjord kommune.
Samla årsproduksjon for Eviny var i 2005 6500 GWh.
Eigarar
endreEviny er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Hordaland. Statkraft har dei siste åra kjøpt seg opp ved å kjøpe aksjar frå mellom anna Os kommune.
- Statkraft - 49,90 %.
- Bergen kommune - 37,75 %
- Askøy kommune - 2,48 %
- Lindås kommune - 1,95 %
- Fjell kommune - 1,89 %
- Sund kommune - 1,02 %
- Kvam herad - 0,90 %
- Meland kommune - 0,76 %
- Radøy kommune - 0,74 %
- Voss kommune - 0,62 %
- Øygarden kommune - 0,52 %
- Austrheim kommune - 0,43 %
- Vaksdal kommune - 0,37 %
- Gulen kommune - 0,27 %
- Høyanger kommune - 0,12 %
- Fedje kommune - 0,12 %
- Masfjorden kommune - 0,10 %
- Granvin herad - 0,05 %
Kjelder
endre- ↑ https://www.proff.no/aksjon%C3%A6rer/-/skl-produksjon-as/916435711; vitjingsdato: 10. desember 2019.