Opna hovudmenyen

Berit Mørdre (16. april 194023. august 2016), frå 1969 nokre år gift Berit Mørdre Lammedal, var ein norsk langrennsløpar frå Nes i Akershus. Ho vart olympisk meister på 3 x 5 km stafett med Noreg i 1968, og tok sølvmedaljen på 10 km i same vinterleikane. Mørdre representerte Romerikslaget og dominerte norsk kvinnelangrenn i ein tiårsperiode frå midt på 1960-talet.

Berit Mørdre
Berit Mørdre.jpg
Fødd 16. april 1940
Nes
Død

23. august 2016

Yrke langrennsløpar
Berit Mørdre på Commons

Innhaldsliste

AktivEndra

Mørdre debuterte i NM på ski i 1964 og vart nummer ni på 10 km. Året etter vart ho norsk meister på distansen og tok bronsemedaljen på 5 km. Fram til og med 1974 vann ho den eine eller begge dei individuelle langrenns-tevlingane i NM-løypene, med unnatak for 1972. Ho vart elles dobbeltmeister i 1967, 1973 og 1974. Perioden 1965-74 vann ho 14 norske meisterskap, samt tre sølvmedaljar og tre bronsar.

Mørdre deltok for Noreg under ski-VM i Oslo 1966 og vart beste norske kvinnelege løpar med tiandeplass på 5 km og ellevteplass på 10 km. I 3 x 5 km stafett gjekk ho ankeretappen, der ho med ein sterk spurt slo Sverige og Toini Gustafsson i kampen om sølvmedaljen. Saman med Ingrid Wigernæs og Inger Aufles sørgde ho dermed for ein mykje overraskande medalje for Noreg, den aller fyrste som norske kvinner tok i internasjonalt langrenn.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble overraska Mørdre stort med å ta sølvmedaljen på opningsdistansen 10 km, men slått med over eitt minutt av svenske Toini Gustafsson. Tre dagar seinare stod ho og lagvenninnene Inger Aufles og Babben Enger Damon for den største bragd norske kvinnelege langrennarar hadde gjort til dess, då dei vann 3 x 5 km stafett.

Etter ein fjerdeplass for dei norske stafettkvinnene i ski-VM 1970, gjekk Inger Aufles, Aslaug Dahl og Berit Mørdre Lammedal inn til OL-bronse på 3 x 5 km stafett i Sapporo i 1972. Individuelt i Sapporo-leikane vart ho nummer sju på 5 km. To år seinare gjekk ho sine siste VM-løp og vart beste norske deltakar på 5 km med ein sjetteplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskapEndra

 
Gullvinnarane i 3 x 5 km stafett under OL 1968, frå venstre Inger Aufles, Babben Enger Damon, Berit Mørdre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 1964: Nr 9 på 10 km på Furnes
  • 1965: Gullmedalje på 10 km og bronsemedalje på 5 km på Fåberg
  • 1966: Gullmedalje på 5 km og bronsemedalje på 10 km på Hernes
  • 1967: Gullmedalje på både 5 km og 10 km i Skorovatn
  • 1968: Gullmedalje på 5 km og sølvmedalje på 10 km i Bærum
  • 1969: Gullmedalje på 10 km og sølvmedalje på 5 km i Alvdal
  • 1970: Gullmedalje på 10 km i Meldal
  • 1971: Gullmedalje på både 5 km og 10 km på Fåberg
  • 1972: Sølvmedalje på 10 km og bronsemedalje på 5 km i Tydal
  • 1973: Gullmedalje på 5 km på Fåberg og gullmedalje på 10 km på Lillehammer
  • 1974: Gullmedalje på både 5 km og 10 km i Selbu
  • 1975: Bronsemedalje på 5 km i Flatebygd
  • 1976: Bronsemedalje på 5 km i Surnadal
  • 1977: Nr 5 på 10 km på Røros
  • 1978: Nr 9 på 20 km på Konnerud

Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1971.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar