Berkhamsted er ein by i Hertfordshire i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Dacorum, og ligg mellom Tring og Hemel Hempstead. Mange av innbyggjarane pendlar til London og andre byar.

Berkhamsted

High Street i Berkhamsted
High Street i Berkhamsted
High Street i Berkhamsted
Plassering
Berkhamsted is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Hertfordshire
Distrikt Dacorum
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

16 243
Koordinatar 51°46′N 0°34′W / 51.767°N 0.567°W / 51.767; -0.567
Diverse annan informasjon
Postnummer HP4
Telefon-retningsnummer 0 1442
Commons har multimedium som gjeld: Berkhamsted

British Film Institute sitt National Film and Television Archive ligg i Berkhamstead. Dette er det største filmarkivet i verda, og vart oppretta som følgje av ein donasjon frå John Paul Getty.

Historie endre

Berkhamsted var staden der normannar-invasjonen av England i 1066 stoppa opp, og overtakinga av landet gjekk over i ein ny fase. Etter å ha sigra og drepe Harald II leia Vilhelm Erobraren hæren sin rundt London. Han kryssa Themsen ved Wallingford og gjekk mot Berkhamstead. Edgar Atheling underkasta seg og tilbaud Vilhelm den engelske krona. Hertugen ønskte ikkje dette, han ville heller ha nøklane til London og så ta imot krona der.

Berkhamsted Castle vart gjenoppbygd i 1080-åra, og var ein ynda tilhaldsstad for normannar- og Plantagenetmonarkar. Det var eit kongeleg slott inntil 1495, då det vart forlate. Mykje av steinen vart plyndra til bygningen av hus i byen og det øydelagde Berkhamstead Place, men jordvollar, vollgraver og restar av murane er synlege og er den viktigaste turistattraksjonen i byen. I følgje dei lokale innbyggjarane er Berkhamstead den verkelege hovudstaden i England, ei segn som nok heng saman med at angelsaksarane overgav seg der i 1066 og så seinare kongane som budde der i delar av regjeringstida si.

Byen har det som ein trur er den eldste butikk som er i drift i England. Han er datert med dendrokronologi til mellom 1277 og 1297, og høyrde til opphavleg truleg ein juveler eller gullsmed. Han ligg på 173 High Street, og var per 2006 kontor for ein eigedomsmeklar.

Grand Junction-kanalen nådde Berkhamsted i 1798. Byen var heimstaden til den tredje hertugen av Bridgewater, som var ein av dei sentrale personane bak det britiske kanalsystemet. Elva Bulbourne renn òg ved byen.

Kjelder endre