Berliner Ensemble

Berliner Ensemble (avstytta til: BE) i Berlin er ei av dei mest namngjetne teaterscenene i Tyskland på grunn av oppføringane av skodespela til den tyske forfattaren Bertolt Brecht, som i november 1949 hadde skipa denne teaterscena. Frå 1954 har Berliner Ensemble hatt Theater am Schiffbauerdamm i Friedrich-Wilhelm-Stadt i Berlin-Mitte som spelestad.

Berliner Ensemble har frå 1954 hatt tilhald i Theater am Schiffbauerdamm, Bertolt-Brecht-Platz 1.

Skipinga av Berliner Ensemble hadde samanheng med at Bertolt Brecht ynskte å finne arbeid for seg sjølv og si hustru Helene Weigel i Europa etter å ha opphalde seg i USA som fylgje av det nazistiske styresettet i Tyskland og utbrotet av den andre verdskrigen. Etter at Bertolt Brecht i oktober 1947 bittert hadde fått røyne kva det ville seie å måtte sitje i strenge avhøyr hjå styresmaktene i USA på grunn av sine politiske haldningar, og i Sveits hadde vorte utsett for streng personovervaking, vart han motteke med opne armar då han kom til den sovjetiske sonen i Tyskland, den luten av Tyskland som seinare vart Den tyske demokratiske republikken (DDR, òg kalla Aust-Tyskland). Her var styresmaktene opptekne av å etablere eit prestisjefullt kulturelt liv i Aust-Berlin, som vart hovudstaden i Den tyske demokratiske republikken, og Bertolt Brecht fekk skipa ensemblet med ein stab som hovudsaklige vart oppteke med skodespelet Mor Courage og borna hennar, som hadde premiere i 1949. I det heile var ensemblet sterkt prega av Bertolt Brechts synsmåtar ved at han både var forfattar og regissør, og så å seie gjorde teatret til sitt eige prosjekt. Som symbol, avbilda på sceneteppet, vart nytta ei fredsdue som Pablo Picasso hadde utforma. Ensemblet fekk godt ry på seg, og vart ofte invitert til gjestespel i både innland og utland, soleis til Frankrike, England, Austerrike, Sverige og Italia.

Under førebuingane til ein tur til London døydde Bertolt Brecht, og enkja hans, Helene Weigel, vart kunstnarisk leiar fram til ho døydde i 1971. Ho hadde vore med som kunstnarisk leiar sida skipinga, og var samd i Bertolt Brechts syn på den episke framføringspraksisen og den kollektive arbeidsmåten han hadde lagt opp til.

Bakgrunnsstoff endre