Bernard Kipchirchir Lagat (fødd 12. desember 1974) er ein tidlegare mellom- og langdistanseløpar som representerte heimlandet Kenya til 2004, sidan 2005 USA. Han vart dobbelt verdsmeister under VM i friidrett 2007 i Osaka, der han spurta inn til siger både på 1500-meteren og på 5 000 meter. Lagat har elles teke OL-bronse 2000, VM-sølv 2001 og OL-sølv 2004 som Kenya-løpar, alle på 1500 meter, og sølvmedaljar på 5 000 meter både i VM 2009 og VM 2011, samt bronse på 1500 m i VM 2009, alle desse som USA-løpar. Lagat sin personlege rekord på 3.26,3 er kenyansk rekord på 1500 m, noko som per 2019 òg gav han andreplass på verdsstatistikken. Han har også den USA-amerikanske rekorden på distansen med 3.29,3, så vel som på 5 000 meter med 12.53,6.

Bernard Lagat


Statsborgarskap USA
Fødd 12. desember 1974 (49 år)
Kapsabet
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016

Kjelder endre