Bernd Hölzenbein

tysk fotballspelar

Bernd Hölzenbein (fødd 9. mars 1946) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Runkel. Han vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og vann den vesttyske cupen 1974, 1975 og 1981, samt UEFA-cupen i 1980 med Eintracht Frankfurt.

Bernd Hölzenbein
Bernd Hölzenbein i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Bernd Hölzenbein
Fødselsdato 9. mars 1946 (78 år)
Fødestad Dehrn i Tyskland
Høgd 172 cm
Posisjon Ving, spiss
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1967-1981 Eintracht Frankfurt 420 (160)
1981-1982 Fort Lauderdale Strikers 46 (10)
1983-1984 Memphis Americans 89 (41)
1985 Baltimore Blast 24 (4)
1986 FSV Salmrohr
Landslag
1973-1978 Vest-Tyskland 40 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Bernd Hölzenbein i 1979

Hölzenbein debuterte på Eintracht Frankfurt i november 1967. Dei neste 14 åra spelte vengpelaren 420 kampar for laget i Bundesliga og skåra 160 mål, gjeldande skåringsrekord i Eintracht Frankfurt. Han var med å vinne tre vesttyske cupfinalar; fyrst 3-1 over Hamburger SV i 1974, der etter 1-0 over MSV Duisburg i 1975 og til sist i 1981 med 3-1 over FC Kaiserslautern. Året før var Hölzenbein kaptein då Eintracht sigra i UEFA-cupen 1980 med hjelp av bortemålsregelen, etter tap 2-3 borte og siger 1-0 heime. Etter sesongslutt i mai 1981 reiste han til USA og var dei neste fem åra aktiv på tre ulike lag.

Landslagsspel endre

Hölzenbein var rimeleg fast på Vest-Tyskland sitt landslag frå han fekk sin debut som innbytar mot Austerrike i Hannover hausten 1973, ein kamp som enda med heimesiger 4-0. Under VM i fotball 1974 var han del av ein angrepstrio med senterløpar Gerd Müller og Jürgen Grabowski på venstrevengen. I finalen mot Nederland vart Hölzenbein felt innafor 16-meteren, noko som gav Paul Breitner høve til å utlikne Nederlands leiing på eit straffespark. Seinare syrgde Müller for vesttysk triumf. To år seinare utlikna Hölzenbein etter 88 minuttars spel til 2-2 i EM-finalen 1976 mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland. Etter ekstraomgangar og straffeskyting enda finalen likevel med vesttysk tap. Ytterlegare to år etter, under VM 1978 i Argentina utlikna Hölzenbein til 2-2 i kvartfinalen mot Austerrike. Men få minuttar før full tid sende Hans Krankl Austerrike i føringa med 3-2 og eit noko grått vesttysk lag forsvann ut av turneringa. Der hadde Hölzenbein spelt sin 40. og siste landskamp etter å ha skåra sitt femte landslagsmål.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1980 med Eintracht Frankfurt
  • Vesttysk cupmeister: 1974, 1975 og 1981 med Eintracht Frankfurt

Kjelder endre