Bessarabia er ein historisk region i Aust-Europa mellom elvane Dnestr i aust og Prut i vest, eit område som i dag hovudsakleg ligg i Moldova med delar i Ukraina.

Bessarabia
rumensk Basarabia
ukrainsk Бесарабія (Besarabija)
russisk Бессарабия (Bessarabija)
bulgarsk Бесарабия (Besarabija)
tyrkisk Besarabya
region
Land Mal:Landdata Moldova, Ukraina
Kart
Bessarabia
46°49′0″ N 29°0′0″ E
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Kart over Romania og Moldova som syner Bessarabia i gult, Bukovina i grått og Rumensk Moldova i brunt.
Wikimedia Commons: Bessarabia

Namnet vart gjeve området frå fyrstedømet Moldavia som vart avstått til Det russiske keisardømet frå Det osmanske riket etter den russisk-tyrkiske krigen 1806-1812. Restane av Moldavia vart ein del av Valakia i 1859 og det som skulle verte Kongedømet Romania. I 1918, like før slutten av den første verdskrigen erklærte Bessarabia seg sjølvstendig frå Russland og etter tre månader vart det slått saman med Kongedømet Romania. Etter Sovjetunionen okkuperte Bessarabia og Nord-Bukovina i 1940 i byrjinga av den andre verdskrigen vart Bessarabia ein del av Sovjetunionen etter krigen var over, der det danna størsteparten av Moldovsk SSR. Samstundes vart mindre delar av Bessarabia, i sør (Budjak) og nord (nordlege halvdelen av Hotin judeţ) ein del av Ukrainsk SSR. I 1991 vart Moldovisk SSR omdøypt til Republikken Moldova og 27. august same året erklærte landet seg sjølvstendig.

Området var hovudsakleg busett av rumenarar. Det budde frå Napoleonstida òg ein del etniske tyskarar i Bessarabia, som var invitert dit av den russiske tsaren. Dei vart drive bort som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta som avstod området til Sovjetunionen. Den tyske presidenten Horst Köhler sine foreldre var rumenske statsborgarar frå Bessarabia.

Kjelder endre