Bestandsskogbruk er ei driftsform innan skogbruket, kjenneteikna ved at skogbrukaren arbeider med skogbestandet som eining.

Eit skogbestand er eit frå naturen einsarta skogområde på minst 2 dekar. Innan det enkelte bestandet skal alle trea fornyast på nokolunde same tid. Under heile omløpstida skal bestandet skjøttast etter same prinsipp, og til slutt haustast som ei eining. Rett nok kan nokre utvalde frøtre eller skjermtre verte ståande nokre år etter foryningshogsten, men det vil alltid vere eit klårt skilje mellom tregenerasjonane.

I skogbruksplanlegginga vert skogbestanda klassifiserte etter areal, bonitet og hogstklasse.

Til bestandsskogbruket høyrer

  • snauflatehogst, der all skogen vert hogd
  • frøtrestillingshogst, der det vert sett att 1 - 15 frøtre på kvart dekar (brukast i furuskog)
  • skjermstillingshogst, med 16-40 skjermtre per dekar. Skjermtrea kan tene som frøtre, eller ein kan plante eit nytt treslag under skjermen.

Kjelder: endre