Bestevenn av Odd Nordstoga

Bestevenn
Studioalbum av Odd Nordstoga
Språk nynorsk
Utgjeve 7. oktober 2011
Innspelt Nidaros Studio, utanom songen «Ein farfar i livet» som er spelt inn i Propeller Music Division[1]
Sjanger Viser, folkemusikk
Lengd 36:02
Selskap Sonet/ Universal
Produsent Bjørn Nessjø[1]
Kritikk
Odd Nordstoga-kronologi 
November
(2010)
Bestevenn


Bestevenn er det femte studioalbumet frå den norske musikaren Odd Nordstoga, utgjeve 7. oktober 2011 av Universal Music AS, Norway. Alle songane på plata er inspirert av eller skrivne til TV-serien Vaffelhjarte, som bygger på boka til Maria Parr med same namn. Alle songane på plate er skrivne og sette melodi til av Odd Nordstoga.

Plateomslaget er eit bilete av Odd Nordstoga som ser til venstre med armane i kross, med hav og fjell til bakgrunn. Omslaget er designa av Rune Mortensen og fotografert av Hans Fredrik Asbjørnsen. Strykearrangement er av Tormod Tvete Vik og framført av Trondheimsolistene.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Bestevenn»4:04
2.«Ein farfar i livet»3:46
3.«Var det Inger»5:12
4.«Jonsokdans»4:15
5.«Knert Mathilde»3:29
6.«Kva vil du ha for å bli glad»4:13
7.«Kva kom du for»4:20
8.«Morgondagen blå»4:13
9.«Vaffelhjarte»2:30

Medverkande endre

  • Odd Nordstoga: Song, trekkspel, gitarar og koring
  • Daniel Sandén Warg: Fele, hardingfele, oktav-hardingfele og moraharpe
  • Thomas Tofte: Bass, trøorgel og kor
  • Geir Sundstøl: Gitarar
  • Erland Dahlen: Trommer, perkusjon og kor
  • Torjus Vierli: Flygel, Rhodes og Celesta
  • Hildegunn Garnes Reigstad: Kor
  • Ingebjørg Bratland: Kor
  • Trygve Seim: Saksofon
  • Bjørn Nessjø: Produsent og miksar
  • Rune Nordahl: Teknikar
  • Ole Marius Elvestad: Fotoassistent

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hefte vedlagt Bestevenn av Odd Nordstoga. Universal Music Group.

Bakgrunnsstoff endre