Betlehem (arabisk بيت لحم, Bayta Laḥm, hebraisk בֵּית לֶחֶם Bēṯ Leḥem, Bet Leḥem) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med eit folketal på kring 25 000 innbyggjarar.[4][5] Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme.[6][7]

Betlehem
בֵּית לֶחֶם, بيت لحم, Beit Lahm[1], Bayt Lahm
kommune
Betlehem
Namneopphav: ‘Kjøthuset’ (arabisk), ‘Brødhuset’ (hebraisk og arameisk)
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°42′11″N 35°11′44″E
Areal 30 km²
Folketal 25 266  (2007[2])
Bystatus 1995
Borgarmeister Vera Baboun[3]
Kart
Betlehem
31°42′16″ N 35°12′22″ E
Wikimedia Commons: Bethlehem
Nettstad: www.bethlehem-city.org

Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus. Mellom anna er julesongen «Eit barn er født i Betlehem» laga til minne om denne hendinga. Eit av dei eldste kristne samfunna i verda heldt til i byen, sjølv om talet på dei kristne i byen har minka med åra. Betlehem vart plyndra av samaritanar i 529, men bygd opp att av den bysantinske keisaren Justinian I. Betlehem vart erobra av det arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab i 637, som garanterte at heilagdomane i byen skulle få vere i fred. I 1099 vart byen erobra av krossfararane, som bygde festningsverk her og erstatta den gresk-ortodokse prestestanden med ein latinsk ein. Den latinske prestestanden vart drivne bort etter at byen vart erobra av Saladin, sultanen av Egypt og Syria. Då mamelukkane tok over i 1250, vart bymurane øydelagde, og sidan bygde opp att under styret til Det osmanske riket.[8]

Britane fekk kontroll over byen under fyrste verdskrigen og han var ein del av ei internasjonal sone i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina i 1947. Jordan annekterte byen under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Sidan 1995 har Betlehem vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene.[8]

Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er i dag turisme og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Betlehem har over tretti hotell og tre hundre handverksbutikkar.[9] Rakelgrava, som er ein viktig jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem.

Historie endre

Kanaanittisk tid endre

Det finst ein historisk referanse til byen i Amarnabreva (kring 1400 fvt.) då Abdi-Heba, den lokale guvernøren i Jerusalem skreiv til faraoen i Egypt om hjelp til å ta attende «Bit-Lahmi» etter opprøret til Apiru.[10]

Lachmo var ein akkadisk fruktbarheitsgud. Han vart dyrka av kanaanittane som Lachama ein gong på 2000-talet fvt. Dei reiste eit tempel for å dyrke denne guden på ein ås som i dag vert kalla Fødselshøgda. Byen vart kalla Beit Lachama, som tyder ‘Lachama-huset’.[11] William F. Albright meiner at uttalen av namnet på staden i røynda har vore den same i 3 500 år, men har hatt forskjellig tyding: «‘Lakhmu-tempelet’ på kanaanittisk, ‘Brød-huset’ på hebraisk og arameisk, ‘Kjøthuset’ på arabisk.»

Israelittisk og judeisk tid endre

Ein avdekte i 2012 arkeologiske bevis på at Betlehem har vore ein israelittisk by under ei utgraving ved Davidsbyen i form av ein bulla (segl trykt i tørka leire) i gamle hebraiske skrifter som sa «Frå byen Betlehem til kongen», og indikerer at det vart nytta til å forsegle snora kring sendingar med korn, vin og andre varer sende som skattebetaling på 700- eller 600-talet fvt.[12]

Bibelforskarar trur at Betlehem, som ligg i åslandet Judea, kan ha vore den same som den bibelske Efrat,[13] som tyder «frodig», sidan han i Mika vert kalla Betlehem Efratah.[14] Bibelen kallar han òg Beth-Lehem Judah,[15] og «Davidsbyen».[16] Han vert først nemnd i Tanakh og Bibelen som staden der matriarken Rakel døydde og vart gravlagd «i vegkanten» (1. Mos. 48:7). Rakelgrava, den tradisjonelle gravstaden, ligg ved inngangen til Betlehem. I følgje Ruts bok er dalen i aust staden der Rut frå Moab hausta marka og kom attende til byen med Naomi. Han var heimstaden til Jesse,[17] far til kong David av Israel, og staden der David vart salva av profeten Samuel.[18] Det var frå brunnen i Betlehem at tre av krigarane hans henta han vatn då han gøymde seg i ei grotte i Adullam.[19]

 
I følgje historiske kjelder og kristen tradisjon, vart Jesus Kristus fødd i Betlehem.

På 300-talet skreiv pilegrimar frå Bordeaux at heilagdomane til David, Esekiel, Asaf, Job, Jesse og Salomo alle låg nær Betlehem.[20] Dette er ikkje blitt stadfesta.

Palaestina I og antikken endre

 
Eit måleri av Betlehem, 1882

Mellom 132 og 135 vart byen okkupert av romarane på ny, etter at han vart erobra under Bar Kokhba-opprøret. Dei jødiske innbyggjarane vart drivne bort etter ordre frå Hadrian.[21] Romarane bygde ein heilagdom til den greske guden Adonis ved Fødselsstaden.[22] Det vart reist ei kyrkje i 326, då Helena, mor til den første bysantinske keisaren, Konstantin, vitja Betlehem.[8]

Under Samaritanaropprøra i 529, vart Betlehem plyndra og murane og Fødselskyrkja øydelagde, men dei vart bygde opp att etter ordre frå keisar Justinian I. I 614 invaderte dei persiske sassanidane, med støtte frå jødiske opprørarar, Palestina Prima og erobra Betlehem. Ei soge fortalt i seinare kjelder hevdar at dei let vere å øydeleggje kyrkja då dei så dei heilage tre kongane avbilda i persiske klede i mosaikken.[8]

Islamsk tid og krossfararane endre

I 637, kort tid etter Jerusalem vart erobra av muslimske armear, lovde Umar ibn al-Khattab, den andre kalifen, at Fødselskyrkja skulle vernast for dei kristne.[8] Ei moske tileigna Umar vart bygd på staden i byen der han bad, like ved kyrkja.[23] Betlehem gjekk så over til dei islamske kalifata til omajadane på 700-talet, så abbasidane på 800-talet. Ein persisk geograf skreiv midt på 800-talet at det låg ei godt bevart og høgt akta kyrkje i byen. I 985 vitja den arabiske geografen al-Muqaddasi Betlehem, og kalla kyrkja «Konstantin-basilikaen, dens like finst ikkje nokon stad i landet.»[24] I 1009, under regjeringstida til den sjette fatimide-kalifen, al-Hakim bi-Amr Allah, vart det gjeve ordre om å rive ned Fødselskyrkja, men ho vart redda av lokale muslimar, fordi dei hadde fått løyve til å be i det sørlege tverrskipet i kyrkja.[25]

I 1099 vart Betlehem erobra av krossfararar, som bygde festningsverk og eit nytt kloster på nordsida av Fødselskyrkja. Den gresk-ortodokse prestestanden vart fjerna frå byen og erstatta med latinske prestar. Fram til då hadde det offisielle kristne nærværet i byen vore gresk-ortodoks. På juledag i 1100 vart Baldwin I, den første kongen i det frankiske kongedømet Jerusalem, krona i Betlehem, same året som det latinske bispedømet vart oppretta i byen.[8]

I 1187 erobra Saladin, sultanen av Egypt og Syria som leia dei muslimske ajjubidane, Betlehem frå krossfararane. Dei latinske prestane vart tvungne bort, og den gresk-ortodokse prestestanden fekk vende attende. Saladin gjekk med på å la to latinske prestar og to diakonar få kome attende i 1192. Men Betlehem leid under tapet av pilegrimshandel, sidan det vart langt færre europeiske pilegrimar i byen.[8]

Vilhelm IV, greve av Nevers hadde lova dei kristne biskopane i Betlehem at om Betlehem fall til muslimane, så skulle han ta i mot dei i den vesle byen Clamecy i dagens Burgund i Frankrike. Slik vart det til at biskopen i Betlehem busette seg i hospital i Panthenor i Clamecy, i 1223. Clamecy vart verande 'in partibus infidelium' sete for bispedømet Betlehem i nesten 600 år, fram til den franske revolusjonen i 1789.[26]

Betlehem — i tillegg til Jerusalem, Nasaret og Sidon — vart ei kort stund avstått til krossfararane og kongedømet Jerusalem via ein avtale mellom den tysk-romerske keisaren Fredrik II og ajjubide-sultanen al-Kamil i 1229, mot ein ti år lang våpenkvile mellom ajjubidane og krossfararane. Avtalen gjekk ut i 1239, og Betlehem vart erobra på ny av muslimane i 1244.[27]

I 1250, då mamelukkane kom til makta under Rukn al-Din Baibars, vart det mindre toleranse for kristendomen. Prestestanden forsvann frå byen og i 1263 vart bymurane øydelagde. Den latinske prestestanden kom attende til Betlehem hundreåret etter, og heldt til i klosteret ved Fødselskyrkja. Dei gresk-ortodokse fekk kontroll over basilikaen og delte kontrollen over Mjølkegrotta med dei latinske og armenske prestane.[8]

Osmansk og egyptisk styre endre

 
Omarmoskéen (Umar), bygd i 1860 til minne om kalifen Umar som vitja til Betlehem.
 
Betlehem, 1898
 
Betlehem, 1880

Frå 1517, i åra under osmansk kontroll, var det ein bitter strid mellom katolikkane og dei gresk-ortodokse om kven Fødselskyrkja skulle tilhøyre.[8] Mot slutten av 1500-talet hadde Betlehem blitt ein av dei største landsbyane i Jerusalem-distriktet, og var delt inn i sju bydelar.[28] Basbus-familien var overhovud i Betlem i lag med andre leiarar i denne perioden.[29] Osmanske skattelister frå 1596 indikerer at Betlehem hadde eit folketal på 1 435, som var den 13. største landsbyen i Palestina på den tida. Dei totale inntektene var 30 000 akce.[30]

Betlehem betalte skatt for kveite, bygg og druer. Muslimar og kristne budde i fråskilde samfunn, kvar med sin eigen leiar. Fem leiarar representerte landsbyen midt på 1500-talet, tre av dei var muslimar. Osmanske skattelister indikerer at dei kristne innbyggjarane var noko meir velståande og fekk meir inntekter frå korn enn druer.[31]

Frå 1831 til 1841 vart Palestina styrt av Muhammad Ali-dynastiet frå Egypt. I denne perioden vart byen råka av eit jordskjelv i tillegg til at den muslimske bydelen vart øydelagd i 1834 av egyptiske soldatar, visstnok som hemn for eit mord på ein lojalist til Ibrahim Pasha.[32] I 1841 kom Betlehem inn under osmansk styre att og det vart verande slik fram til slutten av fyrste verdskrigen. Under osmanarane vart innbyggjarane i Betlehem arbeidslause, dei vart tvinga inn i militærteneste og vart tungt skattlagde, noko som førte til stor utflytting, særleg til Sør-Amerika.[8] Ein amerikansk misjonær rapporterte i 1850-åra at folketalet var under 4 000, og nesten alle høyrte til den greske kyrkja. Han skreiv òg at mangelen på vatn hindra vekst i byen.[33]

Moderne tid endre

Betlehem vart administrert under Det britiske mandatet frå 1920 til 1948.[34] I SNs generalforsamling sitt forslag til delinga av Palestina frå 1947 var Betlehem tenkt som ein del av ein internasjonal enklave i Jerusalem som skulle administrerast av Dei sameinte nasjonane.[35]Jordan erobra byen under den arabisk-israelske krigen i 1948.[36] Mange flyktningar frå området som vart erobra av israelske styrkar i 1947–48 flykta til Betlehem-området, og slo seg hovudsakleg ned i det som vart dei offisielle flyktningleirane 'Azza (Beit Jibrin) og 'Aida i nord og Dheisheh i sør.[37] Inntoget av flyktningar gjorde at muslimane vart den store majoriteten av folkesetnaden i Betlehem.

Jordan hadde kontroll over byen fram til seksdagarskrigen i 1967, då Betlehem vart erobra av Israel, i lag med resten av Vestbreidda. Etter seksdagarskrigen, tok Israel kontroll over byen. I 1995 vart kontrollen gjeven til Dei palestinske sjølvstyresmaktene etter Osloavtalen.

 
Israelske soldatar i Betlehem, 1978

I dag er dei nærmaste byane og busetnadane til Betlehem Bayt Jala i vest, Bayt Sahour i aust, Deheisha i sør, og bydelen i Jerusalem, Har Homa i nord (skild frå Betlehem av Vestbreidda-muren).

Palestinsk kontroll endre

 
Bustad i Betlehem i 2008.

Den 21. desember 1995 trekte israelske soldatar seg ut av Betlehem,[38] og tre dagar seinare var byen under full kontroll for Dei palestinske sjølvstyresmaktene.[39]

Under den andre intifadaen i 2000–2005, vart infrastruktur og turistindustrien i Betlehem øydelagd.[40][41] I 2002 var han åstad for kampar under Operasjon Defensive Shield, ein stor militær motoffensiv av israelske forsvarsstyrkar (IDF).[42]

Under motoffensiven vart Fødselskyrkja kringsett, der dusinvis av palestinske militante søkte tilflukt. Kringsetjinga varte i 39 dagar. Fleire av dei militante døydde. Det enda med ein avtale om at 13 av dei ettersøkte militante fekk dra i eksil til forskjellige stader i utlandet.[43]

Geografi endre

Betlehem ligg 775 meter over havet, 30 meter høgare enn Jerusalem i nærleiken.[44] Betlehem ligg heilt sør i Judeafjella.

Byen ligg 73 km nordaust for Gaza og Middelhavet, 75 km vest for Amman i Jordan, 59 km søraust for Tel Aviv i Israel og 10 km sør for Jerusalem.[45] Av stader i nærleiken finn ein Beit Safafa og Jerusalem i nord, Beit Jala i nordvest, Husan i vest, al-Khadr og Artas i sørvest, og Beit Sahour i aust. Beit Jala og sistnemnde har vokse saman med Betlehem og flyktningleirane Aida og Azza ligg begge innafor bygrensene.[46]

I sentrum av Betlehem ligg gamlebyen. Gamlebyen består av åtte kvarter, lagt ut i mosaikkstil kring Mangeplassen. Kvartera er dei kristne an-Najajreh, al-Farahiyeh, al-Anatreh, al-Tarajmeh, al-Qawawsa og Hreizat, medan al-Fawaghreh er det einaste muslimske kvarteret. Dei fleste kristne kvartera er kalla opp etter arabiske ghassanide-klanar som slo seg ned her.[47] Al-Qawawsa-kvarteret vart danna av arabiske kristne emigrantar frå den nærliggande byen Tuqu' på 1700-talet. Det ligg òg eit assyrisk kvarter utafor gamlebyen, der innbyggjarar opphavleg kom frå Midyat og Ma'asarte i Tyrkia.[48] Det samla folketalet i gamlebyen er kring 5 000.

Klima endre

Betlehem har eit middelhavsklima, med varme og tørre somrar og kalde vintrar. Vintertemperaturane (frå midten av desember til midten av mars) kan vere låge, og vinteren er ofte regnfull. Januar er den kaldaste månaden med temperaturar frå 1 til 13 grader Celsius. Frå mai til september er vêret varmt og solrikt. August er den varmaste månaden med ein normal makstemperatur kring 30 grader Celsius. Betlehem har ein årsmiddelnedbør på 700 mm, og 70 % av dette kjem frå november til januar.[49]

Årsnormalen for luftfukta er på 60 % og er høgast i januar og februar. Fukta er lågast i mai. Ein kan få morgondogg opp til 180 dagar av året. Byen vert påverka av luftstraumar frå Middelhavet kring midt på dagen, men Betlehem kan òg verte påverka av varme, tørre og sandfulle vindar, kalla khamaseen, frå Den arabiske ørkenen frå april til midten av juni.[49]

Vêrdata for Betlehem
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 12 13 16 22 26 28 30 30 28 26 20 14 22
Gjennomsnittleg min °C 5 5 7 10 14 17 19 19 17 15 11 7 12
Kjelde: myweather2.com[50]


Demografi endre

År Folketal
1867 3 000-4 000[51]
1945 8 820[52]
1961 22 450
1983 16 300[53]
1997 21 930[54]
2004 (estimat) 28 010[1]
2006 (estimat) 29 930[1]
2007 25 266[54]

I følgje osmanske skattekjelder utgjorde kristne kring 60 % av folkesetnaden tidleg på 1500-talet, medan forholdstalet mellom kristne og muslimske vart meir likt utover på 1500-talet.[28]

I 1948 var 85 % av innbyggjarane i byen kristne, hovudsakleg gresk-ortodokse og romersk-katolske, medan 13 % var muslimar.[55] I 1967 utgjorde muslimane 53,9 % av folkesetnaden, medan dei kristne utgjorde 46,1 %.[56]

I folketeljinga i 1997 hadde byen 21 670 innbyggjarar, inkludert 6 570 flyktningar, som utgjorde 30,3 % av innbyggjartalet.[54][57]

Folketeljinga i 2007 gav eit innbyggjartal på 25 266, 12 753 menn og 12 513 kvinner. Kvart hushald bestod av i snitt 4,8 familiemedlemmar.[2]

I 2009 utgjorde den kristne folkesetnaden i Betlehem berre 15 %[58]

Økonomi endre

Turisme er den største og viktigaste næringa i byen, særleg kring juletider. Hovudgatene i byen og dei gamle marknadane er fulle av butikkar som sel palestinsk handverk, krydder frå Midtausten, smykke og orientale søtsaker, som baklava.[59] Treutskjeringar i oliven[60] vert kjøpt av mange turistar som vitjar Betlehem.[61] Andre industriar er utskjeringar i stein og marmor, tekstil og møblar.[62] Fabrikkar i Betlehem produserer òg måling, plastikk, syntetisk gummi, legemiddel, byggemateriale og matvarer.[62]

Cremisan Wine, grunnlagd i 1885, er ein vingard som vert driven av munkar i Cremisanklosteret. Druene vert hovudsakleg dyrka i al-Khader-området. I 2007 produserte klosteret kring 700 000 liter vin i året.[63]

Turisme endre

 
Fødselskyrkja

Turisme er hovudnæringa i Betlehem og i motsetnad til mange andre palestinske stader før 2000, arbeidde ikkje dei fleste innbyggjarane i Israel.[40] Meir enn 20 % av arbeidsstokken i byen er tilsett i turistindustrien.[64] Turisme utgjer kring 65 % av økonomien i byen, og 11 % for Dei palestinske sjølvstyresmaktene.[65]

Byen har meir enn to millionar vitjande kvart år.[64]

Fødselskyrkja er eit av hovudmåla for turistane i Betlehem og ein magnet for kristne pilegrimar. Ho ligg i sentrum av byen, ved Krybbeplassen — over ei grotte kalla Den heilage krypta, der Jesus formeleg vart fødd. I nærleiken ligg Mjølkegrotta, der Jesus og familien skjulte seg då dei rømde til Egypt, og like ved ligg rotta der Hieronymus var i tretti år og skapte Vulgata, den dominerande latinske versjonen av Bibelen fram til reformasjonen.[8]

Det finst over tretti hotell i Betlehem.[9] Jacir Palace, bygd i 1910 nær kyrkja, er eit av dei eldste og mest populære hotella i Betlehem. Det vart stengd i 2000 på grunn av Israel-Palestina-konflikten, men opna att i 2005 som Jacir Palace InterContinental.[66]

Venskapsbyar endre

Betlehem er venskapsby med:[67][68][69]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Projected Mid -Year Population for Bethlehem Governorate by Locality 2004–2006». Palestinsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 16. mai 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  2. 2,0 2,1 «2007 PCBS Census» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 117. Arkivert frå originalen (PDF) 10. desember 2010. Henta 1. oktober 2015. 
  3. Newspapers Review: Youth Protests Dominate Daily's Front Page. Wafa. 2012-11-14. Arkivert 24. desember 2013 på Wayback Machine.
  4. Amara, 1999, s. 18.
  5. Brynen, 2000, s. 202.
  6. Kaufman, David; Katz, Marisa S. (16. april 2006). «In the West Bank, Politics and Tourism Remain Bound Together Inextricably - New York Times». The New York Times. Arkivert frå originalen 15. juni 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  7. «Places to Visit In & Around Betlehem». Betlehem Hotel. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 30. september 2015. 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 «History and Mithology of Betlehem». Betlehem Municipality. Arkivert frå originalen 13. januar 2008. Henta 1. oktober 2015. 
  9. 9,0 9,1 Patience, Martin (22. desember 2007). «Better times return to Betlehem». BBC News (BBC MMVIII). Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  10. Oxford Archeological Guides: The Holy Land, Jerome Murphy-O'Connor, s. 198–199, Oxford University Press, 1998, ISBN 978-0-19-288013-0.
  11. Richard R. Losch (2005). The uttermost part of the earth: a guide to places i Bible (Illustrated utg.). Wm. B. Eerdmans Publishing. ISBN 978-0-8028-2805-7. 
  12. «Earliest Archaeological Evidence of the Existence of the City of Bethlehem already in the First Temple Period (May 2012)». Israel Antiquities Authority. 2012.  arkivkopi, arkivert frå originalen 2. april 2014, henta 1. oktober 2015 
  13. 1. Mos 35:16, 1. Mos 48:7, Rut 4:11
  14. Mika 5:2
  15. Sam 17:12}}
  16. Luk 2:4
  17. 1. Sam 16:1
  18. 1. Sam. 16:4-13
  19. 2. Sam. 23:13-17
  20. «The Bordeaux Pilgrim @». Centuryone.com. Arkivert frå originalen 24. februar 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  21. History of Betlehem Betlehem Homepage.
  22. Murphy, Jerome. «Jerome Murphy-O'Connor, ''Betlehem ... Of Course'', Biblical Archeology Review». Bib-arch.org. Arkivert frå originalen 28. oktober 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  23. «Omarmoskéen, Betlehem». Atlas Travel and Tourist Agency. Arkivert frå originalen 29. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  24. le Strange, 1890, s. 298–300.
  25. «Fødselskyrkja - Betlehem». Betlehem, Vestbreidda, Israel: Sacred-destinations.com. Arkivert frå originalen 16. februar 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  26. de Sivry, L: «Dictionnaire de Geographie Ecclesiastique», s. 375., 1852 ed, from ecclesiastical record of letters between the Bishops of Betlehem 'in partibus' to the Bishops of Auxerre.
  27. Paul Reed, 2000, s. 206.
  28. 28,0 28,1 Singer, 1994, s. 80.
  29. Singer, 1994, s. 33.
  30. Petersen, 2005, s. 141.
  31. Singer, 1994, s. 84.
  32. Thomson, 1860, s. 647.
  33. W. M. Thomson, s. 647.
  34. Betlehem. Arkivert 2013-10-14 ved Wayback Machine.
  35. «IMEU: Maps: 2.7 - Jerusalem and the Corpus Separatum proposed in 1947». Arkivert frå originalen 29. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  36. A Jerusalem Timeline, 3 000 Years of The City's History (2001–02) National Public Radio og BBC News. Arkivert 9. januar 2009 på Wayback Machine.
  37. About Betlehem. The Centre for Cultural Heritage Preservation via Betlehem.ps.
  38. «Palestine Facts Timeline: 1994–1995». Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs. Arkivert frå originalen 29. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  39. Kessel, Jerrold (24. desember 1995). «muslimar, kristne celebrate in Betlehem». CNN News (Cable News Network). Arkivert frå originalen 31. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  40. 40,0 40,1 Office for the Coordination of Humanitarian Affairs (OCHA) & Office of the Special Coordinator for the Peace Process i Midtausten (December 2004). «Costs of Conflict: The Changing Face of Betlehem» (PDF). Dei sameinte nasjonane. Arkivert frå originalen (PDF) 29. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  41. Patience, Martin (22. desember 2007). «Better times return to Betlehem». BBC News. Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  42. «Vatican outrage over church siege». BBC News (BBC MMIII). 8. april 2002. Arkivert frå originalen 9. januar 2014. Henta 1. oktober 2015. 
  43. «Chronology of the Siege». PBS. Arkivert frå originalen 27. desember 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  44. «Turisme In Betlehem guvernement». palestinsk National Information Sentral. Arkivert frå originalen 30. desember 2007. Henta 1. oktober 2015. 
  45. Avstand from Betlehem to Tel Aviv, Avstand from Betlehem to Gaza Time and Date AS / Steffen Thorsen.
  46. Detaljert kart over Vestbreidda.
  47. «Clans -2». Mediterranean Voices: Oral History and Cultural Practice in Mediterranean Cities. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. 
  48. Short Overview of the Bato Family BatoFamily.com Arkivert 2012-09-14 ved Archive.is
  49. 49,0 49,1 «Betlehem City: Climate». Betlehem Municipality. Arkivert frå originalen 28. november 2007. Henta 1. oktober 2015. 
  50. «January Climate Historie for Betlehem | Local | Israel». Myweather2.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  51. Ellen Clare Miller, 'Eastern Sketches - notes of scenery, schools and tent life in Syria and Palestina'. Edinburgh: William Oliphant and Company. 1871. s. 148.
  52. Hadawi, Sami. «Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine». Palestinsk frigjeringsorganisasjon - Research Sentral. Henta 16. juni 2011. 
  53. Folketeljing av Israelsk statistisk sentralbyrå
  54. 54,0 54,1 54,2 palestinsk Population by Locality, Sex and Age Groups in Years: Betlehem guvernement (1997) Palestinsk statistisk sentralbyrå. Henta 2007-12-23. Arkivert 13. november 2010 på Wayback Machine.
  55. Andrea Pacini (1998). Socio-Political and Community Dynamics of Arab Christians in Jordan, Israel, and the Autonomous Palestinian Territories. Clarendon Press. s.  282. ISBN 978-0-19-829388-0. 
  56. Betlehem, arkivert frå originalen 29. juli 2013, henta 1. oktober 2015 
  57. «palestinsk Population by Locality and Refugee Status». Palestinsk statistisk sentralbyrå. Arkivert frå originalen 16. mai 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  58. Betlehem’s exodus | New York Post, arkivert frå originalen 29. april 2014, henta 1. oktober 2015 
  59. «Betlehem Municipality(Site Under Construction)». Arkivert frå originalen 26. februar 2008. Henta 1. oktober 2015. 
  60. «Betlehem: Shopping». TouristHub. Arkivert frå originalen 30. juli 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  61. «Handicrafts: Olive-wood carving». Betlehem Municipality. Arkivert frå originalen 21. november 2007. Henta 1. oktober 2015. 
  62. 62,0 62,1 «Betlehem Information». Betlehem Chamber of Commerce & Industry. Arkivert frå originalen 22. mars 2012. Henta 30. september 2015. 
  63. Jahsan, Ruby. «Wine». The Centre for Cultural Heritage Preservation. Arkivert frå originalen 17. november 2007. Henta 1. oktober 2015. 
  64. 64,0 64,1 «The City Economy». Betlehem Municipality. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 30. september 2015. 
  65. «Betlehem's struggles continue». Al Jazeera English. 25. desember 2007. Arkivert frå originalen 29. januar 2014. Henta 30. september 2015. 
  66. Jacir Palace, InterContinental Betlehem re-opens for business InterContinental Hotels Group Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine.
  67. 67,0 67,1 «Twinning with Palestina». The Britain - Palestina Twinning Network. 1998–2008. Arkivert frå originalen 28. juni 2012. Henta 1. oktober 2015. 
  68. The City of Betlehem has signed a twinning agreements with the following cities Betlehem Municipality.
  69. 69,00 69,01 69,02 69,03 69,04 69,05 69,06 69,07 69,08 69,09 69,10 69,11 69,12 69,13 69,14 69,15 69,16 69,17 69,18 69,19 69,20 69,21 69,22 69,23 69,24 69,25 69,26 69,27 69,28 69,29 69,30 69,31 69,32 69,33 69,34 69,35 69,36 69,37 «Betlehem Municipality». www.bethlehem-city.org. Arkivert frå originalen 25. august 2011. Henta 21. juni 2011. 
  70. Jérôme Steffenino i Marguerite Masson. «Ville de Grenoble - Coopérations et villes jumelles». Grenoble.fr. Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 1. oktober 2015. 
  71. Jérôme Steffenino i Marguerite Masson. «Ville de Grenoble –Coopérations et villes jumelles». Grenoble.fr. Arkivert frå originalen 16. mars 2014. Henta 16. mai 2013. 
  72. «Milano - Città Gemellate». copy© 2008 Municipality of Milan (Comune di Milano). Arkivert frå originalen 10. april 2014. Henta 5. desember 2008. 
  73. «Lisboa - Geminações de Cidades e Vilas» [Lisbon - Twinning of Cities and Towns]. Associação Nacional de Municípios Portugueses [National Association of Portuguese Municipalities] (på portugisisk). Henta 23. august 2013. 
  74. «Acordos de Geminação i de Cooperação e/ou Amizade da Cidade de Lisboa» [Lisbon - Twinning Agreements i Cooperation and Friendship]. Camara Municipal de Lisboa (på portugisisk). Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 23. august 2013. 
  75. Ayuntamiento de Zaragoza. Hermanamientos y Protocolos de Colaboración, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 1. oktober 2015 
  76. Sacramento to Betlehem Sister City Initiative, arkivert frå originalen 4. januar 2014, henta 1. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Betlehem