Betty Cuthbert
Elizabeth «Betty» Cuthbert (20. april 1938–6. august 2017) var ein australsk sprintar som vann fire olympiske gullmedaljar, den einaste som har vunne gull i både 100 meter, 200 meter og 400 meter sprint. Cuthbert sette heile 18 verdsrekordar i sprint i løpet av karrieren sin.
Betty Cuthbert | |
Statsborgarskap | Australia |
Fødd | 20. april 1938 Sydney |
Død | 6. august 2017 (79 år) Mandurah |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1964, Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen, Victorian Honour Roll of Women, Australian National Living Treasure, IAAF Hall of Fame, Athletics Australia Hall of Fame, companion av Order of Australia, medlem av Order of Australia |
Under Sommar-OL 1956 i Melbourne sprang 18 år gamle Cuthbert seg inn til tre olympiske gullmedaljar: 100 meter, 200 meter og 4 x 100 meter stafett.[1] Dette var den første store internasjonale meisterskapen ho deltok i.
I 1958 sette Cuthbert to nye verdsrekordar. Ho deltok også i Sommar-OL 1960 men grunna skade rauk ho ut or forsøksheat til 100 meter. To år seinare var ho med på å vinne gullmedalje for det australske kvinnelaget i sprintstafett i samveldeleikane i Perth. Derifrå konsentrerte ho seg om distansen 400 meter. Sommar-OL 1964 i Tokyo var dei fyrste olympiske leikane der 400 meter sprint var med i programmet. Her vann Cuthbert sin fjerde olympiske gullmedalje ved å slå britiske Ann Packer med to tidelar. Etter Tokyo-leikane la ho opp.
Betty Cuthbert budde i Vest-Australia, der ho siste åra leid av sjukdommen multippel sklerose.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Betty Cuthbert» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juni 2015.