Bibelsk salme

(Omdirigert frå Bibelske salmar)

Ein bibelsk salme er poetisk utforma tekst i Bibelen. Ein skil gjerne mellom dei gamaltestamentlege Salmane som er samla i ei eiga bok i Det gamle testamentet og canticum, (pl. cantica), som vert bruka om tekstar som står salmane nær i form og liturgisk famføringsmåte.

Dei bibelske salmane vert gjerne framført som psalmodi, dvs etter faste melidiformlar som resitasjon. Mange bibelske salmar har fått ein rikare melodi. I Norsk salmebok er det teke med 24 bibelske salmar frå Salmane, ein frå Klagesongane og sju andre bibelske salmar.

Cantica maiora endre

Cantica maiora er salmar i Det nye testamentet:

Desse nytestementlege salmane har truleg vore sungne i dei kristne kyrkjelydane alt før evangelia var nedskrivne i si endelege form.

Cantica minora endre

Cantica minora er salmar i Det gamle testamentet som står i andre bøker enn Salmane. Desse salmane hadde dei fyrste kristne kyrkjelydane overteke frå den jødiske gudstenestefeiringa. Tekstane kan vi i dag finne i dei kanoniserte skriftene eller i dei apokryfe skriftene.

Blant cantica minora er

Canticum canticorum endre

Canticum canticorum er Høgsongen, i tradisjonen ofte tillagt kong Salomo.

Kjelder endre