Bielefeld er ein by i Tyskland nordaust i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 325 000 innbyggjarar. Han ligg i regionen Detmold på både aust- og vestsida av Teutoburger Wald.

Bielefeld
Bielefeld i 1895
Bielefeld i 1895
Bielefeld i 1895
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bielefeld
Bielefeld is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Detmold
Kreisfri by
Grunnlagd 1214
Geografi
Flatevidd
 - By

257,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

325 846
  1 264/km²
Koordinatar 52°1′0″N 8°31′0″E / 52.01667°N 8.51667°E / 52.01667; 8.51667
Høgd over havet 115 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 33501-33739
Telefon-retningsnummer 0521, 05202-05209
Bilnummer BI
Heimeside: www.bielefeld.de

Namnet «Bielefeld» kjem frå det gamle namnet bileveld, som tyder «åslendt slette». Byen ligg mellom dei to åsryggane som utgjer den sørlege og nordlege delen av Teutoburger Wald. Sentrum ligg på austsida, medan delar av den moderne byen har spreidd seg til motsett side og på åskammane.

Historie endre

Bielefeld vart grunnlagd i 1214 av grev Hermann II von Ravensberg for å vakte gjennomgangen av Teutoburger Wald. Det store slottet Sparrenburg vart bygd sentralt i byen og vart aldri erobra gjennom heile mellomalderen. Slottet forfall utover på 1700- og 1800-talet og vart restaurert i 1879, men har no ein litt anna utsjånad enn det hadde i mellomalderen.

På 1400-talet var Bielefeld eit av dei minste medlemmane i Hansaen. Seinare utvikla handelen med lin seg og byen vart kjend som «linbyen».

Industri endre

I dag består industrien mellom anna næringsmiddelindustri, tilverking av hushaldningsutstyr, informasjonsteknologi og ulik tungindustri. Bielefeld har òg dei to største protestantiske sosiale institusjonane (Diakonie) i Europa, von Bodelschwingsche Anstalten Bethel[1] og Evangelisches Johanneswerk[2].

Utdanning endre

Bielefeld har hatt universitet sidan 1969. Av dei første professorane var den kjende tyske sosiologen Niklas Luhmann. Andre høgare utdanningsinstitusjonar i Bielefeld er det teologiske seminaret Bethel (Kirchliche Hochschule Bethel) og Fachhochschule som er internasjonalt kjend for si utdanning innan fotografi og design. Andre kulturinstitusjonar er kunstmuseet (Kunsthalle) og Rudolf Oetker-konsertsal (Rudolf-Oetker-Halle).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bielefeld